Fire turar i Øystre Slidre (19.10.2019)

Written by Hansi (Hans Thorvald Nygaard) GSM

GPS
Ascents Luskaråsen (1,057m) 19.10.2019 12:02
Synhaugen (1,085m) 19.10.2019 12:29
Myrebærhammaren (1,134m) 19.10.2019 13:39
Fullsennknatten (1,081m) 19.10.2019 15:12
Visits of other PBEs Bom Stølsvegen Moane-Trollåsen (561m) 19.10.2019

Fire turar i Øystre Slidre

Ikkje det beste vêret i dag, så fire småtoppar i Øystre Slidre vart målet. Vi køyrde inn bomvegen ved Moane. Stort sett overskya, men ikkje skodde. Noko utsikt her og der, men ikkje mykje. Litt snø i vegen nokre plassar, kjekt med vinterdekk no.

Luskaråsen - 3 min - 140m - 4hm

Turen på Luskaråsen
Turen på Luskaråsen
Luskaråsen
Luskaråsen

Dagens kortaste tur, med god margin. Så kort, at den eigentleg ikkje kan kallast ein tur.


Synhaugen - 12 min - 700m - 60hm

Turen på Synhaugen
Turen på Synhaugen
Synhaugen
Synhaugen

Ny kort tur. Kort, bratt bakke opp til toppen. Morosamt at det var fleire ute på tur her, vi møtte ein familie med to små barn. Litt utsikt på toppen.

Synhaugen
Synhaugen
Mot Gravfjellet, Heimre Kjølafjellet og Kjølafjellet
Mot Gravfjellet, Heimre Kjølafjellet og Kjølafjellet

Myrebærhammaren - 1t 9 min - 4,3km - 158hm

Turen på Myrebærhammaren
Turen på Myrebærhammaren
Dei siste metrane til toppen
Dei siste metrane til toppen

Dagens lengste tur. Vi køyrde inn til Kvitfeten, derifrå prøvde vi å følgje råket oppover. Snømengda gjorde så det ikkje var enkelt, så vi gjekk mest i terrenget. Vi såg båe elg og to jegare på denne turen. Fin tur.


Fullsenknatten - 38 min - 2,1km - 160hm

Turen på Fullsennknatten
Turen på Fullsennknatten
På Fullsennknatten
På Fullsennknatten

Vi hadde eigentleg tenkt til å gå opp i frå Ranheimstølan, men det var ny betaling ved kommunegrensa, så da snudde vi og køyrde attende til Purkeskinnfeten. Vi gjekk i terrenget oppover, men vi møtte på eit råk oppi høgda som vi følgde opp til toppen og ned at til bilen. Flott, liten tur.

På Fullsennknatten
På Fullsennknatten

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.