Toppraid i nordre Strand #1 (09.10.2019)

Written by Kaare_70 GSM

Map
Ascents Grimsåsen (572m) 09.10.2019
Holtaheia (558m) 09.10.2019
Lekvamsåsen (352m) 09.10.2019
Ramnåsfjellet (201m) 09.10.2019

Gråver ein dag med haustferie og ikkje aktuelt med tur i høgda, åpna for eit raid på pf≥100m lista for Strand. I Holtaheia har eg bare vore to-tre ganger før, så det passa fint med eit par lett tilgjengelege toppar der. Kjørte til parkeringa på bratt, svingete og nokså dårleg grusveg før eg sykla eit par km inn til der sti tar av ved Blokkelitjødnane mot Holtastølen og vidare mot Ulvaskardet. Herifrå tok eg rett opp mot Grimsåsen i bratt lende og så enkelt nordover til topps. Neppe beste vegvalget, men i alle fall effektivt. Nokonlunde bra sikt på toppen og retur same veg.

I oppstigninga mot Grimsåsen frå Ulvaskardet med tilbakeblikk mot Blokkelitjødnane og ruta frå grusvegen. 558-toppen er den høgaste som går opp i skydekket
I oppstigninga mot Grimsåsen frå Ulvaskardet med tilbakeblikk mot Blokkelitjødnane og ruta frå grusvegen. 558-toppen er den høgaste som går opp i skydekket
Frå same staden mot Lauvåsen og Svoå. Mellom toppane skimtast Reinaknuten i skydekket på andre sida av Tysdalsvatnet
Frå same staden mot Lauvåsen og Svoå. Mellom toppane skimtast Reinaknuten i skydekket på andre sida av Tysdalsvatnet
På Grimsåsen med utsikt nordvestover mot Ormakam og Årdalsfjorden med Helgøy til høgre for varden
På Grimsåsen med utsikt nordvestover mot Ormakam og Årdalsfjorden med Helgøy til høgre for varden
Frå nedanfor Grimsåsen mot Krokavatnet
Frå nedanfor Grimsåsen mot Krokavatnet
Ved idylliske Holtastølen
Ved idylliske Holtastølen
Siv i Blokkelitjødna
Siv i Blokkelitjødna
Tilbakeblikk frå grusvegen mot Holtastølen og Grimsåsen
Tilbakeblikk frå grusvegen mot Holtastølen og Grimsåsen

Tilbake ved sykkelen tok eg rett sørover forbi ei einsleg hytte og enkelt til topps på 558-toppen med det nokså preglause navnet "Holtaheia". Tidvis striregn opp hit, men grei sikt mot Tysdalsvatnet og Bjørheimsheia på den andre sida. På grunn av veret vart det ingen tur ut mot stupkanten og meir dramatisk utsikt denne gangen. Retur til sykkelen og så bilen same veg.

Frå 558-toppen mot Svoå og Tysdalsvatnet
Frå 558-toppen mot Svoå og Tysdalsvatnet

Kjørte så eit stykke ned i Holtabakkane og parkerte ved ein traktorveg som gav lett tilgang til Lekvamsåsen frå nord. Ved enden av vegen gjekk det eit tråkk vestover nokre blautmyrer før eg busha sørover og kom ovanom den verste krattskogen. Så enkelt langs ryggen til topps der det var gamle boltar etter trigpunkt. Fin utsikt, men ikkje mot Lekvam som har gitt toppen navn; då må ein gå vestover til høgdedraget der.

Frå traktorvegen med tilbakeblikk mot parkeringa i Holtabakkane
Frå traktorvegen med tilbakeblikk mot parkeringa i Holtabakkane
På Lekvamsåsen med utsikt mot Heggheim og Heggheimsfjellet
På Lekvamsåsen med utsikt mot Heggheim og Heggheimsfjellet
Frå Lekvamsåsen mot Holta og Holtaheia
Frå Lekvamsåsen mot Holta og Holtaheia
Mot Vostervatnet med Ravnåsfjellet som høgste topp til venstre for midten
Mot Vostervatnet med Ravnåsfjellet som høgste topp til venstre for midten

Sidan dette var dagens fjerde topp og tida og kreftene gjekk, stod nå valget mellom Heggheimsfjellet og Ravnåsfjellet. Førstnevnte såg litt krevande ut med tett skog, og eg hadde ikkje førebudd meg på vegvalg, så derfor gjekk turen til Ravnås. Her kan ein jo nesten kjøra heilt til topps, og største utfordringa var å parkera på ein nokonlunde høfleg måte mellom tuna. Følgte grusveg rundt på baksida og busha opp over gjerder og sauebeiter til den fine varden. Flott utsikt over Ryfylkebassenget herifrå. Mistenkte at sjølve toppen låg i krattskogen litt lengre mot nord og tok ein sving bortom dit.

På Ravnåsfjellet med utsikt mot Ryfylkeøyane, med Fogn nærmast
På Ravnåsfjellet med utsikt mot Ryfylkeøyane, med Fogn nærmast

Nå sa både beina og dagslyset stopp, så Taurafjellet fekk vera til gode.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.