Gyranfisen (22.09.2019)

Written by Hansi (Hans Thorvald Nygaard) GSM

Duration 4h 07min
Distance 12.3km
Vertical meters 578m
GPS
Ascents Svarttjernskollen (1,054m) 22.09.2019 13:15
Gyranfisen (1,126m) 22.09.2019 15:08
Tronsefisen (943m) 22.09.2019 15:40

Tur på veg heim frå Oslo. Tok av frå E16 sør for Sperillen, og køyrde opp til Vikerfjell. Vi parkerte der vegen er stengd med bom, og råket tok av til Svarttjernskollen. Vi gjekk fyst gjennom skogen, så kom vi opp i skikkeleg flott fjellterreng, men flotte haustfargar. Det var mange som gjekk på Svarttjernskollen i dag, flott råk opp til toppen.

Vidare gjekk vi på eit tråkk ned til nordenden av Svarttjern, og følgde DNT-råket mot Gyranfisen/Treknatten. Vi tok ein lang rast ved den store steinen, der råket tar av til Gyranfisen. Flott utsikt på toppen.

Attende til bilen gjekk vi i terrenget, der var veldig greitt ned til Tronsefisen. Derifrå var det litt meir kronglete, til vi kom inn på skiløypa, som vi følgde til bilvegen.

Ein riktig flott tur.

På veg oppover til Svarttjernskollen
På veg oppover til Svarttjernskollen
Oppover mot Svarttjernskollen
Oppover mot Svarttjernskollen
Svarttjernskollen
Svarttjernskollen
Nesten oppe på Svarttjernskollen
Nesten oppe på Svarttjernskollen
Utsikt sørover frå Svarttjernskollen
Utsikt sørover frå Svarttjernskollen
Utsikt sørvestover frå Svarttjernskollen
Utsikt sørvestover frå Svarttjernskollen
Gyranfisen frå Svarttjernskollen
Gyranfisen frå Svarttjernskollen
Vikerfjell (1039moh) frå Svarttjernskollen
Vikerfjell (1039moh) frå Svarttjernskollen
Svarttjernshytta frå Svarttjernskollen
Svarttjernshytta frå Svarttjernskollen
Kristine på Svarttjernskollen
Kristine på Svarttjernskollen
Vi gjekk ikkje oppom Venekollen, men eit flott fjell
Vi gjekk ikkje oppom Venekollen, men eit flott fjell
Gyranfisen
Gyranfisen
På Gyranfisen
På Gyranfisen
Mot Treknatten frå Gyranfisen
Mot Treknatten frå Gyranfisen
Sørvestover frå Gyranfisen
Sørvestover frå Gyranfisen
På Gyranfisen
På Gyranfisen
Svarttjernskollen frå Gyranfisen
Svarttjernskollen frå Gyranfisen
På veg nedover frå Gyranfisen
På veg nedover frå Gyranfisen
Tronsefisen
Tronsefisen
På Tronsefisen
På Tronsefisen

User comments

  • -
    avatar

    Gyranfisen

    Written by repelo 22.09.2019 22:21

    Ser dere har hatt en fin tur på Gyranfisen i dag. Slo opp på Peakbook-kartet, og der var det en mengde håpløse røde streker rundt Gyranfisen. Har du også begynt å tegne inn disse røde strekene som ødelegger gleden ved å se på kartet?

    • -
      avatar

      Sv: Gyranfisen

      Written by Hansi 22.09.2019 22:24

      Eg lagar berre lilla strekar på kartet!

    • -
      avatar

      Sv: Gyranfisen

      Written by SturlaS 23.09.2019 00:06

      Du kan slå av visning av ruter i kartet: Trykk på det lille pluss-tegnet på høyre side av kartrammen, fjern valget for Ruter og trykk bort menyen igjen.

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.