Over fire kommunetoppar i råten snø (21.09.2019)  3

Written by Hommpbollen (Tor)

Start point Gaularfjellet
Endpoint Esebotnen
Characteristic Hillwalk
Duration 10h 46min
Distance 26.5km
Vertical meters 1,706m
GPS
Ascents Vest for Bjørnabreen (1,464m) 21.09.2019 09:49
Bjørneryggen (1,413m) 21.09.2019 09:49
Vest for Styggevatn (1,332m) 21.09.2019 13:24
Bjørnenipa (1,433m) 21.09.2019 14:43
Visits of other PBEs Esebotn Parkeringsplass (3m) 21.09.2019 20:33

Tradisjonen tru starta det sjølvsagt med ein diskusjon, og deretter ein krangel. Arnold var som vanleg skeptisk til snøforholda i fjellet - og med rette denne gongen skulle det vise seg. Problemet var uansett timinga. Å hevde at vi no skulle sjå på ei alternativ rute, lengje etter at turplanen var HOGD I STEIN, var ikkje mindre enn HELLIGBRØDE! Forslaget hans vart difor raskt, og bryskt, avvist av underteikna.

I den same steinen stod det og at avreisetidspunktet skulle vere 08.45. Krangelen starta då Eirik, lett tilbakelent i stolen med ein god kopp kaffi i neven, melde at han nok ville verte 10 minutt forseinka som følgje av at "badet var oppteke". Årsaka var elendig planlegging, med andre ord. Stemninga vart heller ikkje betre av at vår kjære sjåfør - og mor - kom vasande kl. 9. Men sidan ho Britt likevel måtte bruke "halve dagen", som ho sjølv sa, til å køyre opp og ned Gaularfjellet for at vi skulle få kome oss på tur, haldt vi lageleg kjeft. Britt haldt derimot ikkje kjeft, og la ut om kor dårlege forholda i fjellet var no. Det verste var at ho hadde like rett som han Arnold (noko underteikna fekk ettertrykkeleg påpeikt når vi kom heim den kvelden).

Gutta på tur
Gutta på tur

Det til side. Vi starta turen med freidig mot ved ei parkering litt vest for Langestølen - Eldalsøyrene - i snøfritt, men nokså vått terreng. Innover dalen langs Risbotnelva følgde vi stort sett fin sti heilt fram til Blåvatn. Fine haustfargar, god stemning. Vidare herfrå dreide vi litt vestover og følgde eit skar i retning noko sør for Blåtoppen. Opp skaret fekk vi ein smakebit på det som skulle kome: råten snø mellom skarpe steinar. Men vi lot oss ikkje skremme av den grunn. Første kommunetopp (1333) gjekk nokså greitt, og karane var framleis ved godt mot.

Første topp nådd, med flott utsikt sørvestover i Høyanger-land.
Første topp nådd, med flott utsikt sørvestover i Høyanger-land.

Frå toppen og ned i botnen mot Bjørnenipa starta det verkelege slitet. Og med det siktar eg ikkje kun til krevjande høgdemeter i kupert og sti-fritt terreng. Nei, ned frå 1333 og opp til Bjørnenipa - og eigentleg så langt auge kunne sjå - låg eit fjellområde i snø og slaps. Her var det berre å stålsetje seg - no var det mann (og hund) mot natur. Og naturen, ja han beit godt frå seg denne dagen!

Trikset var å finne steinane mellom snøen. Det vart mykje sikk sakk-gåing.
Trikset var å finne steinane mellom snøen. Det vart mykje sikk sakk-gåing.
Topp nr. 2, Bjørnenipa, er nådd.
Topp nr. 2, Bjørnenipa, er nådd.

Etter mykje famling, fall og - ikkje minst - edder og galle nådde vi til slutt Bjørnenipa. "Det hadde vore godt med kaffi no" meinte Arnold, noko han gjentok for kvar topp vi kom til. Sant nok. Og tørre sko og sokkar. Og langt mindre snø.

Den kjekke vegen vidare
Den kjekke vegen vidare

Nedover Bjørnenipa var det same ulla, om ikkje verre. Råten snø gjorde at vi trakka gjennom for kvart andre steg nedover Bjørneskaret. Som sagt kosta kvar meter slit, men det verste var likevel den klamme kjensla av håpløsheit og sjølvpining som seig inn over oss som ei guffen skodde.

Så fort vi var nede, starta oppstiginga mot det neste fjellet. Meir kav, slit, edder og galle. Fleire surnande bein og potar. Og den gode stemninga? Den hadde forsvunne som dugg for sola. For sol, jau det var det i alle fall nok av.

"Eg har so infernalsk lyst på ein kopp kaffi!", kom det frå Arnold, mellom samanbitne tenner.

Arnold har funne seg ei trygg og sikker rute
Arnold har funne seg ei trygg og sikker rute

Omsider nådde vi tredje toppen, den vidgjetne "1412" på Bjørneryggen. God utsikt riktig nok, men det gledde vi oss lite over då vi såg kva som låg framfor oss.

"Og kor fan går vi no då?"
"Og kor fan går vi no då?"

Ja, du gjetta riktig. Meir råten snø mellom sleipe steinar mellom lumske høgdemeter. Hunden var no så sliten og lei at han måtte berast over dei verste partia. 9 kg ekstra i sekken gjorde godt for sure bein og tunge sinn.

Vidare gjekk turen ned ryggen, og vidare mot siste toppen. Her såg vi oss nøydde til å halde godt mot sør på Bjørneryggen for å gå klar av (det som etter vår vurdering såg ut som) utrygg is. Denne ruta viste seg likevel å vere den mest krevjande strabasen på turen, og vi måtte forsere det eine snødekte søkket etter det andre. Nedst nede måtte vi og gå over den snølagte isen før vi tok fatt på oppstigninga.

Slike passasjar var ofte regelen framfor unntaket.
Slike passasjar var ofte regelen framfor unntaket.

Men så til slutt stod vi der då, på den siste toppen. Tomme av krefter og energi, og apatiske som dirrande aspelauv. 1500 meter rett ned venta oss. Det kunne til og med ta motet frå han Lars Monsen. "Kaffi", stotra Arnold fram, medan han stod der og svaia i vinden. Desperasjonen stod skreve i augene hans.

Nokre av oss fekk tydelegvis tilbake energien når målet var i sikte og snøen forsvann. Eirik og hunden - der særleg sistnemnde hadde «gjenoppstått» etter ein snartur i sekken - la på sprang nedover stien. Bak dei kom ein skadeskoten Tor, og etter han igjen, ein totalt utmatta Arnold. Det var så vidt vi klarte å sende ein venleg tanke til sherpaane som hadde brulagt stien med steintrapp året før.

Berre "nedturen" igjen...
Berre "nedturen" igjen...

Nede i Esebotnen stod Eirik, hunden og bilen og venta på oss i skumringa. Kvart på 8 og 26,5 km viste klokka, altså 7,5 km lengre og nærmare 3 timar etter (det optimistiske) skjemaet vårt. Dette var eit slit!, oppsummerte Eirik. Sjelden har nokon sagt noko meir treffande.

Så bar det rett heim til Britt sin taco-fajitas og ein preken i sjangeren «kva var det eg sa». Det var berre å bite i seg alt i hop.

User comments

  • -
    avatar

    Og moralen er:

    Written by Argok54 23.09.2019 11:47

    1. Kome seg opp tidsnok og i veg til avtalt tid. Bad kan godt vere opptekne av andre om morgonen

    2. Ha med nymalt kaffi og kokeutstyr

    3. Ha med gamasjer og ekstra strømper

    4. Sjekke 3D kart om det har kome snø i fjellet

    Dette var elles ingen A4-tur, men ein tur vi aldri kjem til å gløyme, meiner Arnold som forsvann inn ein ein slags zombie-tilstand på slutten.

    • -
      avatar

      Sv: Og moralen er:

      Written by Hommpbollen 23.09.2019 12:08

      Ja, men du gløymde gode, vatntette fjellsko.

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.