Storådalshøe (26.08.2018)

Written by Garm (Gal Krokfot) GSM

Map
Ascents Høgtunga (1,676m) 26.08.2018
Sjugurdtinden (1,305m) 26.08.2018
Sjugurdtinden vest (1,490m) 26.08.2018
Storådalshøe (1,888m) 26.08.2018

Det var fredag og underteiknede var på veg oppover dalanes dal med ein kanskjeplan om Rauddalseggje på tapeten.
Det var heilt inntil turfølgje fekk sjå ei oppdatert værmelding og prompte gjekk den planen i vasken. Vel
kva gjer ein da? Joda, ein sendar melding til andre som har vært aktive i området for å sjekke ståa. Tredve
sekund seinare tikkar det inn eit svar. "Plukker deg opp litt utpå dagen i morgon. Storådalshøa, Ok?" Klarte ikkje plassere Storådalshøa der og da, men svarte ok for det. Fekk vel sjekke opp litt når eg kom heim. Vel
heime klikka eg inn på peakbook og konstaterte kjapt at det var ein Oppland pf 250 topp. Det har sikkert Jørn
interesse av å være med på tenkte eg og logga meg inn på peakbook for å sende han ei melding. Men før eg fekk
sendt meldinga vart eg obs på ein kommentar på siste turen min https://peakbook.org/tour/278354/Tryvannshøgda.html
Nuvel, kanskje han derre Asken skal få sitte heime å tvinne tommeltottar i helga istede slo det meg. ;)
Litt utpå dagen kom skyssen og ferda gjekk vidare mot Gjendeheim. Etter litt parlamentarisering vedrørande parkeringsavgifta ved Gjendeheim sigra latskapen og vi gjekk for blodpris på korttidsparkeringa rett ved båten. Etter ein ny donasjon til Øvstedalfamilien tøffa vi innover Gjende i nydeleg vær. Ved Gjendebu hadde vi ein kjapp stopp før det bar oppover Storådalen.
Fant ein brukbar teltplass ved Storådalsbua og tilfeldigvis hadde Vår Herre utstyrt området med bålmateriale også, noko vi viste å utnytte...

Forskjell på bagasje til fjellfolket.
Forskjell på bagasje til fjellfolket.
Rusta for det meste.
Rusta for det meste.
Må koke ein liten kaffeklunk til kvelds.
Må koke ein liten kaffeklunk til kvelds.
Fyringa fortsett inn i både dei blå og svarte timar.
Fyringa fortsett inn i både dei blå og svarte timar.
Heil ved.
Heil ved.

La i veg morgonen etter i noko gråare vær enn ønskja. Rusla opp til bandet mellom Semeltinden og Storådalshøe før vi skar av mot Storådalshøe. Det gjekk jamt oppover med Semeltinden som det store blikkfanget, det meste andre var borte i skodda. Tok ei lita pause ved toppen før vi lunta vidare mot Høgtunga. Relativt greitt å gå tiltross for noko snø i terrenget (og i lufta). Ikkje så langt i luftlinje, men tok likevel noko tid bort til Høgtunga. Etterkvart var vi på plass og kunne skue bort på dagens siste mål, Lågtunga. Sikta oss inn på råket frå Bukkelægeret og traff det ein eller anna stad rundt Lågtungetjønne og med det også dei fyrste folka for dagen.
I prat med nokon av dei fekk vi beskjed om at båten frå Memurubu gjekk noko tidlegare enn vi hadde rekna ned og dermed måtte farten opp noko. Frå Lågtunga og ned til Memurubu vart dermed tempo oppjustert noko. Vi kom ned samstundes med båten og slapp ventetid før returen.

Det er ikkje bål om det ikkje fortsatt ryk litt når ein bryt leir dagen etter.
Det er ikkje bål om det ikkje fortsatt ryk litt når ein bryt leir dagen etter.
To dagar med konstant naturfagtime. Dette er vistnok eit eller anna gras innan rosefamilien. Skulle eg huske "litt" feil på dette kjem nok fasiten i fyrste kommentaren.
To dagar med konstant naturfagtime. Dette er vistnok eit eller anna gras innan rosefamilien. Skulle eg huske "litt" feil på dette kjem nok fasiten i fyrste kommentaren.
Litt melisdryss mot toppen.
Litt melisdryss mot toppen.
Det bryt gjennom no og da.
Det bryt gjennom no og da.
Semeltinden stjal mykje merksamt på veg opp.
Semeltinden stjal mykje merksamt på veg opp.
Ruta vidare. Tidkrevjande, men ikkje så galt som det kan sjå ut.
Ruta vidare. Tidkrevjande, men ikkje så galt som det kan sjå ut.
Er det noko å fotografere her mon tro?
Er det noko å fotografere her mon tro?
Snøværet ga seg ikkje heilt, men kombinert med litt skyer vart det slettes ikkje verst.
Snøværet ga seg ikkje heilt, men kombinert med litt skyer vart det slettes ikkje verst.
Latinsk namn Macropus fuliginosus ifølgje turfølgje.
Latinsk namn Macropus fuliginosus ifølgje turfølgje.
Hmmm... :)
Hmmm... :)
250 Jegeren gjekk frå konsepten da det dukka opp spor etter mann og bikkje i snøen: Det er han derre Asken og fillebikkja hans som knabber 250 lista frå meg...
250 Jegeren gjekk frå konsepten da det dukka opp spor etter mann og bikkje i snøen: Det er han derre Asken og fillebikkja hans som knabber 250 lista frå meg...
Praktfullt
Praktfullt
Lunsj
Lunsj
Berre resten att.
Berre resten att.
Diverse tinder
Diverse tinder
Mot Lågtunga.
Mot Lågtunga.
Memurubu
Memurubu
Gjende
Gjende
Ingen tvil om kor vegen går.
Ingen tvil om kor vegen går.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.