Militærmasj til Slettafjellet (18.08.2019)  3

Written by Hommpbollen (Tor)

Characteristic Hillwalk
Duration 4h 01min
Distance 8.5km
Vertical meters 709m
GPS
Ascents Slakkafjellet (855m) 18.08.2019 14:12
Visits of other PBEs Asbjørnhaugen parkeringsplass (183m) 18.08.2019 11:50
Statnett Asbjørnhaugen - stengt vei (190m) 18.08.2019 11:52
Slakken (585m) 18.08.2019 13:18

Det var nesten berre AG-en som mangla for at denne fjellturen vart ein "full-blown" militærmarsj. For med beremeis og jentunge, inkludert vatn, mat, klede og sparkesykkel, på ryggen kjentes det nokre gongar som at beina skulle knekke i hop. Men for all del, ho var til tider svært innstilt på å gå sjølv, og då spesielt i dei mest utsette partia, dvs. stien frå stølen Sletten til toppen. Akkurat denne delen av turen er ikkje akkurat tilrettelagt for ungar - eller toskar med beremeis.

Sparkesykkel i sekken seier du? Jau, planen - og rosinen i pølsa får ein seie - var at ho skulle få sparke ned att heile den gruslagte anleggsvegen. Tanken var god, men resten var fiasko. Etter to gode "tryn over styret" (små hjul over spesse steinar - nei, kven skulle tru!) vart meisen den naturlege tilfluksstaden. Ikkje forhandlingsviljug overhovudet! Så fekk beina til pappaen mørt seg godt ned att og.

Stølen Slakken.

No time to rest, no når toppen er like om hjørnet (det "hjørnet" har vore der i ein halvtime no!!)

Toppen nådd - her ligg Skriki i all si prakt.

Utruleg kor mykje godt folk slengjer frå seg på desse toppane!

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.