Frå Åmotsdal til Langlim om Dalafjøll (28.07.2019)  5

Written by bakken59 GSM

Characteristic Hillwalk
Duration 2h 30min
Distance 6.8km
Vertical meters 524m
GPS
Ascents Dalafjellet (1,019m) 28.07.2019

Etter kunstutstilling på Sneie, skifta eg til turtøy, medan Tom køyrde tilbake til Langlim. Eg gjekk inn i lia ved Vestre Groven og følgde ein bratt rygg oppover til dei to dammane nedafor og vest for Dalafjøll. Då eg skar oppover mot toppen, kom eg inn på kraftig stig/traktorspor, som eg sikkert kunne ha følgd i ein trasé lenger aust. Pytt - pytt, eg følgde sau og elgetråkk og gjengrodde stigar. Likar slik gange eigenleg. Toppunktet var flott med utsikt rund baut og med overraskande nok, toppbok. Gjekk så på kompassretning og kjennskap mot Gåsevatn, heldt austsida av vatnet og tok stigen forbi Bratsberg ned til Skorsvegen. Tom ringte og spurde om eg ville hentast ved Dammen, det ville eg, og flaks var det, for torever og skybrot trefte oss på dei fem-ti minutta i bilen tilbake til hytta. 6,8 km, 524 hm, to timar og 31 minutt. Gjekk aleine.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.