Det sagnomsuste Vassfjellet, inkl. sekundærtoppar (23.07.2019)  3

Written by Hommpbollen (Tor)

Characteristic Hillwalk
Duration 3h 16min
Distance 14.9km
Vertical meters 637m
GPS
Ascents Vassfjellet (711m) 23.07.2019 13:16
Vardliberget (693m) 23.07.2019 13:32
Langdalsberget (675m) 23.07.2019 13:42
Tortberga (659m) 23.07.2019 13:54
Visits of other PBEs Rønningsjordet P-plass (160m) 23.07.2019 11:48
Vassfjellhytta (510m) 23.07.2019 12:50
Hesttrøa P-lomme (184m) 23.07.2019 14:53

Etter litt for mykje stillesitjing i sommarvarmen hjå svigerforeldra i Trondheim slo eg an ei unnskuldning om at hunden måtte få seg ein dugeleg tur til det høgste byfjellet. Trondheim har ikkje alt for mykje å skryte av, men Vassfjellet peikte seg fort ut som eit dugeleg trask.

Etter å ha ytra nokre saftige forbannelsar over bil-gps’en fant eg til slutt ein god parkeringsplass nokre kilometer frå Melhus sentrum. Her følgde eg først asfalt- og grusveg inn mellom bustader fram til merka sti. Stort sett lett.

Nokre bekkar og elvefar her og der.

Forsering av myr og gjørme hadde trønderane løyst med «plankevegar».

Etterpå gjekk stien inn på ein anleggsvei som eg følgde til topps. God utsikt.

Returen vart ei anna historie. Ettersom eg hadde bestemt meg for å ta nokre sekundærtoppar i same slengen, peika eg meg ut «luftstrekket» ned att. Denne offpist-løypa inkluderte likevel (nokså forventa) ein del klabb og babb gjennom gjørme, myr og skog til eg endeleg fann utmerka sti nokre hundremeter lenger nede. Greitt nok, så lengje det ikkje hadde vore for den jævla myggen som hadde plaga meg frå toppen. Og skulle eg gjort det om att, hadde eg nok gått aust for Egga i staden.

Turen endte med eit trask langs Alex Ferguson-veg tilbake til bilen. Altså ei nokså forstyrrende avslutning på ein middelmådig tur. Men det var fakerten meg betre enn å sitje på ræva i ein klappstol og nippe til lunka øl.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.