Vasshornet (09.07.2019)

Written by janlan (Jan H Langberg) GSM

Map
Ascents Storevasshornet (479m) 09.07.2019
Kjempefin kveldstur frå Rødskar med Ole J & Gunn C.
Merka stien litt betre, for 3 år på rad med dei små merkepinnane vi laga på skulen.
Råsa opp er 3km, ein lang og slak tur som "sluker" mange pinnar. Stien held på å gro att mange stadar. Starten frå Rødskar er også litt kronglete etter start-skiltet. Følgjer elva eit lite stykke på kanten av jordet, ca 200 m, gjennom høgt gras før ein kryssar elva.
Manglar m.a å merke og rydde skikkelig på eit parti frå elva -etter 1 km- vidare langs kanten over ei myr, slik ein treff rette oppgangen og til råsa som følgjer ryggen på sørvest sida.
Etter dette skal det no vere greitt å følgje stien både opp og ned.

Utiksikta frå toppen er flott og vidstrakt. Verdt få med seg, er å gå frå varden til kanten mot sør slik at ein ser Rovdefjorden og i retning Vanylven.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.