Gaular: Storfjellet og Pernova (09.07.2019)

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Start point Vindheimsvatnet (495m)
Endpoint Vindheimsvatnet (495m)
Characteristic Hillwalk
Vertical meters 1,200m
Map
Ascents Pernova (1,210m) 09.07.2019
Storfjellet (1,182m) 09.07.2019

Sogn og Fjordane pf 100 607/1169
Vi kjøyrde bomveg mot Vindheimsvatnet, kr 40 som betalast kontant eller til kontonummer. I eit veidele rett før Vindheimsvatnet kunne vi sjå eit skilt med Storfjellet. Svinga til høgre og parkerte før ei grind og hyttefeltet. Kvar denne stien starta var ikkje muleg å finne ut av, vi fulgte veien til endes og gjekk mot Storfjellet. Ingen vanskar eller meir tidkrevande enn å følgje stien, men det fann vi ikkje ut før på returen. Mot toppen kom vi inn på raudmerkinga. Kasse og bok på toppen. Gjekk austover ned Skardbakkane til skaret mellom Storfjellet og Pernova. Der var det raudmerka, og vi trudde at den som gjekk opp på austsida gjekk til Pernova. Men det gjorde den ikkje. Vi gjekk oppå nokre hammrar og mot Trollebotnen. Her var det berre dyretrakk, ikkje ei merking eller spor etter folk. Vidare opp nordryggen til Pernova. Tydelegvis mindre besøkt denne, knappt nok varde og ikkje spor etter folk. Returnerte ned Trollebotnen og kom inn på den merka ruta som vi fulgte ned til Vindheimsvatnet. Då skjønte vi at vi skulle gått 50 meter langs stranda på vestsida av vatnet og funne stien der. Men ingen skilt eller noko som kunne lede oss inn på dei tankane. Men uansett ein veldig fin tur.

Storfjellet
Storfjellet
Frå Storfjellet mot Pernova
Frå Storfjellet mot Pernova
Frå Pernova mot Storfjellet
Frå Pernova mot Storfjellet

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.