Vik/Aurland: Nonhaugfjellet, Lægdafjellet og furuskogtoppar (14.06.2019)

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Start point Skard (575m)
Endpoint Butikken i Fresvik (2m)
Characteristic Hillwalk
Duration 9h 02min
Distance 28.3km
Vertical meters 1,858m
GPS
Ascents Fresvikåsen (761m) 14.06.2019
Lægdafjellet (1,149m) 14.06.2019
Vest for Lægdaskaret (1,102m) 14.06.2019
Mulakamben (613m) 14.06.2019
Nonhaugfjellet (1,459m) 14.06.2019
Trollgilsholten (1,065m) 14.06.2019
Visits of other PBEs Holten (475m) 14.06.2019
Vinjar og pappa i Lægdaskaret
Vinjar og pappa i Lægdaskaret

Vi ankom Fresvik torsdag kveld og overnatta på tunet til Øydis og Olav. Planen var å komme seg avgarde tidleg fredag og nytte dagen. Dei andre deltakarane ville komme fredag ettermiddag/kveld.

Fredag kjøyrde vil til Skar, knappe 600 moh. Her er det store parkeringsplassar og flott tillaga med benkar og grillhytte ved vatnet. Avtalte med Lise og Vinjar å møtest i Lægdaskaret. Det er veldig godt merka i området, men likavel greidde eg å kødde det til, noko som resulterte i 1,3 km eksta labbing utanfor sti. Skal du finne stien til Jordalsskardet skal du ta av ca 40 meter frå hovudveien og krysse den vesle bekken. Litt lenger framme står det eit skilt på ei fure. Eg gjekk forbi alle hyttene og møtte eit stidele mot Trollgilsholten til høgre og trudde då eg var på rett rute rett fram utan å sjekke GPS.

Nonhaugfjellet. Dagens siste, Mulakamben nede stil venstre.
Nonhaugfjellet. Dagens siste, Mulakamben nede stil venstre.
Frå Lægdafjellet mot Nærøyfjorden
Frå Lægdafjellet mot Nærøyfjorden
Frå Lægdafjellet mot Nonhaugfjellet
Frå Lægdafjellet mot Nonhaugfjellet

Men uansett så kom eg meg altså til Nonhaugfjellet etter litt klabb og babb. Brukte det eg fann av snøfelt og sprang i retning Lægdaskaret. La turen oppom 1102-toppen, og kom fram til varden i skaret berre 5 minutt før Vinjar og Lise. Perfekt timing. Så gjekk Lise Trollgilsholten og Lægdafjellet medan Vinjar og eg tulla i skaret. Så var det min tur medan dei returnerte. Dagen var ennå ung når eg nærma meg Skar igjen så avtalte at dei kunne kjøyre til Fresvik utan meg. Holdt fram over skogkledde åsar til Mulakamben. Her er det uvanleg flott furuskog til å være Vestlandet, og veldig gode stiar. Høgste punkta på Fresvikåsen og Mulakamben er ikkje merka så her må ein være litt obs for å få med høgste punktet! Veldig bratt, men god sti frå Holten og ned til Fresvik. Lise og Vinjar var no ved naustet til Øydis. Her vart det grilling og sosialt samvære heile helga. Veldig flott tillaga, godt med teltplassar, og koseleg naust.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.