Tre småtoppar rundt Tromsø (08.05.2019)

Written by Hansi (Hans Thorvald Nygaard) GSM

GPS
Ascents Kattuglehaugen (114m) 08.05.2019 10:43
Storåsen i Tromsø (274m) 08.05.2019 11:13
Nattmålsfjellet (297m) 08.05.2019 17:10
Skjellstanghaugen (107m) 08.05.2019 18:09
Visits of other PBEs Henrikvikdalen p-plass (130m) 08.05.2019 16:38

Storåsen i Tromsø

Turen på Storåsen - 1t 14min - 2,8km - 300hm
Turen på Storåsen - 1t 14min - 2,8km - 300hm
På Storåsen i Tromsø
På Storåsen i Tromsø

Etter tre kromtopper på tre dagar i strålande vêr, var det i dag spådd dårlegare vêr. Vêrmeldinga slo til, og skitur freista ikkje. Men tur vart det. Fyst drog vi sørover frå Tromsdalen, til Ramfjordnes. Der gjekk vi gjennom bratt kratt og roten snø opp til Storåsen. Litt utsikt på toppen, men øydelagt av vêret. Neste fottur vart etter ein kinotur i Tromsø by og installering på neste overnattingsplass på Kvaløysletta. Vi hadde eigentleg sett på to småtoppar nordover på Kvaløya, menn fann ut at det vart båe kortare og køyre og gå om vi drog sørover.

Nattmålsfjellet på Kvaløya

Turen på Nattmålsfjellet - 1t 1min - 3,8km - 185hm
Turen på Nattmålsfjellet - 1t 1min - 3,8km - 185hm
På Nattmålsfjellet
På Nattmålsfjellet

Vi stoppa på ein parkeringsplass i Henrikvikdalen og gjekk på Nattmålsfjellet. Ved vegen var det mykje snø, og vi snakka på at det kunne ha vore bra å gått med ski, til vi huska at fellane låg at i leilegheita. Da vart det fjellsko. Snøen bar ganske bra, og halvegas oppe vart det bert. Denne toppen hadde veldig fint råk, og han har nok også bra utsikt, men vi fekk nesten snøstorm på toppen.

Skjellstanghaugen på Håkøya

Turen på Håkøya - 25min - 1,3km - 85hm
Turen på Håkøya - 25min - 1,3km - 85hm
På Skjellstanghaugen
På Skjellstanghaugen

For siste tur drog vi ut på Håkøya. Vi hadde tenkt til å parkere på den registrerte parkeringslomma øvst i byggefeltet, men der var det ikkje brøytt, så vi parkerte ved innkøyringa til sjukeheimen. Vi gjekk oppover jordet, før vi vassa i snø til toppunktet midt inne i skogen. Fin utsikt mot Tromsøya frå jordet.

Bilder

Utsikt frå Storåsen. Tromsdalstinden kan skimtes  i skodda
Utsikt frå Storåsen. Tromsdalstinden kan skimtes i skodda
Restriksjoner i området rundt Storåsen.
Restriksjoner i området rundt Storåsen.
På veg oppover til Nattmålsfjellet
På veg oppover til Nattmålsfjellet
På veg oppover til Nattmålsfjellet
På veg oppover til Nattmålsfjellet
På veg oppover til Nattmålsfjellet
På veg oppover til Nattmålsfjellet
Kaldfjorden frå Nattmålsfjellet
Kaldfjorden frå Nattmålsfjellet
Tromsøya frå Håkøya
Tromsøya frå Håkøya

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.