Gavlen (19.04.2019)

Written by Hansi (Hans Thorvald Nygaard) GSM

Duration 4h 25min
Distance 15.4km
Vertical meters 831m
GPS
Ascents Skårlifjellet (323m) 19.04.2019 16:27
Blåheia (341m) 19.04.2019 18:20
Lanestuva (337m) 19.04.2019 18:52
Oppover mot Skårlifjellet
Oppover mot Skårlifjellet
Snart på første topp
Snart på første topp

Etter å ha vore inne på Gavlen store deler av dagen, tok Kristine og eg ein ettermiddagstur. Vi hadde tenkt å komme oss på båe dei to “raude” toppane som er i nærleiken. Det var roten og trå snø, og vêret var stusseleg; litt yr, skodde og ein del vind. Vi måtte ta av oss skia for å komme over bekken som kom ned frå Vasslibruna. Etter å ha passert haugen ved Gavlsvatnet, var det opp og ned nokon små bekkedaler før vi gjekk opp til ryggen mot Skårlifjellet. Sterk vind på ryggen, og tett skodde på toppen. Over mot Blåheia var det mange små bekkedaler som måtte passerast, så det var litt kjedeleg terreng. Oppover mot Blåheia byrja vi å bli svoltne, det vi hadde trudd skulle bli ein 2-3 timar lang tur, vart ein god del lengre. Difor val vi å ikkje gå oppom Vasslibruna. Nede at på Gavlen smakte det utruleg godt med pizza.

Skårlifjellet
Skårlifjellet
På Blåheia
På Blåheia
Eit snev av utsikt
Eit snev av utsikt
På veg mot Lanestuva
På veg mot Lanestuva
På Lanestuva
På Lanestuva
Vasslibruna frå Lanestuva
Vasslibruna frå Lanestuva

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.