Ystelifjellet (16.04.2019)
Written by Hansi (Hans Thorvald Nygaard)
Ascents | Steinbergskarlian (550m) | 16.04.2019 13:39 |
---|---|---|
Risen (744m) | 16.04.2019 14:34 | |
Borturskardtinden (871m) | 16.04.2019 16:05 | |
Ystelifjellet vest (970m) | 16.04.2019 17:29 | |
Ystelifjellet (1,089m) | 16.04.2019 18:02 | |
Visits of other PBEs | Hesjeberg parkering (5m) | 16.04.2019 12:02 |
Etter ein litt dårleg start på påska, med styggvêr og by-dag for å ordne skibinding, pakka vi bilen for å dra på tur. Vi hadde ordna overnatting på Fjellkysten hotell ved Soløy i Lavangen. Turmål denne dagen var Ystelifjellet på kommunegrensa mellom Gratangen og Lavangen.
Vi parkerte på ein parkeringslomme ved Hesjeberg, og følgde ski- og scooterspor oppover traktorvegen. Frå der vi gjekk av vegen var det spredt og slak bjørkeskog opp til punkt 457moh. Det var godt og varmt å gå, og nesten vindstille, så vi kunne gå utan jakke. Vidare gjekk vi over Steinbergskarlian til Risen. Flott utsikt på Risen. Ned frå Risen val vi å ikkje ta av fellane, da nedkøyringa uansett ikkje såg så bra ut, og ikkje var spesielt lang. Vidare opp til Borturskardtinden. Ned at derifrå tok vi av fellane, og hadde fin køyring ned til skardet. Nede i skardet tok vi på at fellane, og gjorde oss klare for den siste stigninga opp til Ystelifjellet. Det siste stykke til toppen frå det flata ut på om lag 1060moh, virka veldig langdrygt. Utsikta frå toppen var fenomenal.
Med unntak av eit par flate partiar og litt motbakke opp til Ystelifjellet vest, var køyring ned veldig bra. Ein flott påsketur.
User comments