Gråkallen rando - med kavalkade! (30.12.2018)

Written by kobbenes (Kristian Starheim) GSM

Duration 1h 15min
Distance 4.1km
Vertical meters 442m
GPS
Ascents Gråkallen (552m) 30.12.2018

Siste tur i 2018 var beteiknande for året som heilskap: ein snartur til nærområdet for rask utnytting av lokale moglegheiter.

Pudder!
Pudder!

Tur har ikkje vore hovedfokuset i 2018. Med famileforaukelse og nytt hus må ein gjere nokon prioriteringar, og dei må knyttast til det ein faktisk har moglegheit til å oppnå. Friluftslivet er mangslungent, og ein kjem lenger med å sjå kva ein kan gjere enn kva ein ikkje kan gjere. Rundt Trondheim kan ein for eksempel buldre, og ein kan springe i bymarka. Ein kan også klatre is om det er bra kaldt. Og som sagt kan ein køyre rando på Gråkallen. Ein kan ikkje klatre store klatreruter eller gå på (spesielt) store fjell.

Så her kjem ein (som seg hør og bør) liten

Turåret 2018

Vinteren 2017-18 var ein fantastisk is-sesong, så vi fekk klatra nokre fine turar i nærmiljøet. God form og WI5! Dog ingen lenger turar.

Snøen låg lenge i bymarka, så medan kona måtte slite sofaen i gravid tilstand, vart det mykje pulk og sjokomelk på meg og Eskil, berre avbroten av ein høgst nødvendig tur til Ytre Sula.

På våren viste det seg likevel at årets store turvinnar er Geitfjellet. Denne vart hyppig besøkt, berre avbroten av ein høgst nødvendig tur på Smørskredtindane og til Sylane i Juli. Om Geitfjellet er turvinnar i kvantitet så er nok Smørskredtindane turvinnarar i kvalitet.

Det store satsingsområdet i 2018 var buldring, sidan det er det absolutt enklaste klatreforma å få trent på. Målet var å gå 7c. Det gikk ikkje, men eg fekk likevel ein knalltur til Font, med fleire 7a og ein 7b under beltet i løpet av ei veke. Ein kan framleis bli bedre å buldre sjølv om ein er 36 år. Så då må det jo kunne gå når ein blir 37 også.

Juleferien på Sunnmøre kan ein forbigå i turmessig stillheit.

Turåret 2019

Forventingar forventingar (?). Nja, med to småtroll i hus er det vel ikkje nødvendig å sleppe forventingane heilt laus. Med pappaperm på vinteren skal ein i alle fall klare å bli sterk i fingrane for litt bra buldring på sommaren. Kanskje blir det 7c i 2019? Og kanskje noko hard trad på hausten - 8-talet kanskje? Draumar draumar.

Ellers hadde det jo vore kjekt å kome seg på tur. Den nye klatreføraren for Sunnmøre gjer jo Molladalen HØGaktuelt. Men Ørstafjella er jo alltid høgaktuelle. Innerdal/Sunndalsfjella likeeins.

Kunne peakbook-treff med bamseklubb vere aktuelt?

Også har eg lyst å gå masse på geitfjellet. Det skal eg klare.

Så det.

Godt nytt år! Skriv fine turrapportar please!

Start date 30.12.2018 20:52
(UTC+01:00)
End date 30.12.2018 22:07
(UTC+01:00)
Total Time 1h 15min
Moving Time 1h 00min
Stopped Time 0h 15min
Overall Average 3.3km/h
Moving Average 4.1km/h
Distance 4.1km
Vertical meters 441m

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.