Ein tur på godt og vondt (18.11.2018)
Written by Hommpbollen (Tor)
Visits of other PBEs | Bjørkestølen (600m) | 18.11.2018 |
---|---|---|
Parkering Storehaugfjellet v/Flyplassvegen (400m) | 18.11.2018 | |
Tursti Storehaugfjellet via Hatleggi og Veslehaugen (330m) | 18.11.2018 |
Planen var ein rusletur på ein grusveg til Bjørkestølen. Men jammen vart det til ein rundtur over Storehogen og ned til stølen og tilbake. Motet var høgt oppe (særleg hjå kona) i starten, men når vinden dro seg til og turen vart lenger og lenger, då falt humøret som ein stein i Sognefjorden. Verre vart det når jentungen starte å fryse - då vart det uling som stod i stil med vinden. Vi pakka ho inn i alt som var og la på sprang mot nærmaste le.
Det positive med turen skal likevel ikkje underdrivast. Vi fekk ein ganske utruleg solnedgong ned fjellet til Bjørkestølen, og der tende vi opp bål og grilla pølser. Pølser vi knapt såg. Det hadde vorte i seinaste laget og - i mangel av lykt - måtte vi difor famle oss tilbake til bilen i lyset frå kona si mobil-lommelykt med 1 % i batterilevetid. Jammen er det utruleg kor lengje 1 % held.
Når vi var komne fram ved bilen og var på veg ned att var alle einige om det hadde vore ein ganske spektakulær, men likevel gjennomsnitteleg tur, dvs. om ein legg saman alle plussar og minusar.
User comments