Eit døgn på Døldarheia (27.10.2018)

Written by Kaare_70 GSM

Map
Ascents Aksla (693m) 27.10.2018
Døldaren (735m) 27.10.2018
Grasdalsnibbene (680m) 27.10.2018
Vardafjell (661m) 27.10.2018

Makelaust fin vermelding for helga! Tredje turen for dagen gjekk med tunge bører opp normalvegen frå Blikra. Då hadde me først parkert ein bil i Aurdal, og planen var å overnatta på toppen av Døldarheia og returnera over Sletthaug. Det vart relativt sein start, og me kappgjekk nærast med sola på vegen hennar ned i havet. Ho forsvann vestanfor Utsira før me var framme, men hadde såpass lys at me fann både varden og ein fin teltplass berre 6-7m derifrå. Det var frose i bakken, så me måtte improvisera litt med barduneringa, men det gjekk fint. Kvelden vart lang, men me kosa oss ute med bålbrenning i fint le halvvegs under eit lite overheng. Lys frå bygdene, stjernene og ein stor måne var fint selskap.

Ved Døldarheim i vakkert kveldslys
Ved Døldarheim i vakkert kveldslys

Det vart som venta ei kald natt i teltet; vatnet i drikkeflaska var frose i innerteltet, så det var nok nede i minus 10 utanfor. Praktfull morgonraude for den som måtte ut eit tidleg ærend, og like fin frukost i brukbart varmande morgonsol. Det vart først ein rusletur utan bør til Grasdalsnibbene i retning Sandeid, kor me fekk utsikt mot Ilsvåg og delvis mot Sandeid.

Magisk morgonstund på toppen av Døldarheia!
Magisk morgonstund på toppen av Døldarheia!
Frå toppen av Døldarheia mot Skjoldafjorden med bl.a. Fuglen og Krakkanuten
Frå toppen av Døldarheia mot Skjoldafjorden med bl.a. Fuglen og Krakkanuten
Frå toppen av Døldarheia mot bl.a. Mosarevvatnet bakerst
Frå toppen av Døldarheia mot bl.a. Mosarevvatnet bakerst
Utsikt mot Ølen med bl.a. Kåtanuten og Svartafjell
Utsikt mot Ølen med bl.a. Kåtanuten og Svartafjell
Utsikt i retning Sandeid med Vidhovda dominerande
Utsikt i retning Sandeid med Vidhovda dominerande
Rundtur på Døldarheia
Rundtur på Døldarheia

Så pakka me sekkene og returnerte via Døldarheim til Vardafjellet. Her prøvde me oss på ein snarveg sør for Stemvatnet, men det vart ikkje beine vegen pga. ein del skrentar. Me kom til slutt til topps på det eineståande utsiktspunktet og koka kaffi og naut livet. Så avslutta me turen ned stien til Sletthaug via Aksla. På Sletthaug var det stor aktivitet av paraglidarar, og me fekk låna ein bil av dei ned til Aurdal; førsteklasses vinn-vinn for alle.

Mot Døldarvatnet med Hovda og Fuglen i bakgrunnen
Mot Døldarvatnet med Hovda og Fuglen i bakgrunnen
På Vardafjellet med tilbakeblikk mot Stemvatnet og toppen av Døldarheia
På Vardafjellet med tilbakeblikk mot Stemvatnet og toppen av Døldarheia
Frå Vardafjellet mot Vatsvatnet og Skjoldafjorden med Fuglen og Krakkanuten dominerande
Frå Vardafjellet mot Vatsvatnet og Skjoldafjorden med Fuglen og Krakkanuten dominerande
Matpause med kaffikos på Vardafjellet
Matpause med kaffikos på Vardafjellet
Iskunst på Aksla
Iskunst på Aksla

Alt i alt ein svært innhaldsrik tur på veg inn i lågsesongen for uteliv! Av faunainnslag var det ein del trost og ei rype som rapa. Ved Vardafjellet såg me tre hjortar i firsprang og dessutan ei havørn som sirkla over toppen.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.