Saufjellet og Ørnfloget (26.10.2018)

Written by Hansi (Hans Thorvald Nygaard) GSM

Duration 0h 40min
Distance 1.5km
Vertical meters 208m
GPS
Ascents Saufjellet (235m) 26.10.2018 16:45
Ørnfloget (142m) 26.10.2018 18:22
Ørnfloget øst (109m) 26.10.2018 18:35
Visits of other PBEs Svolvær (0m) 26.10.2018 19:30

To kveldsturar på veg til Kabelvåg

Saufjellet

Utsikt frå parkeringa
Utsikt frå parkeringa
Utsikt frå parkeringa
Utsikt frå parkeringa

Helgetur til Kabelvåg i Lofoten. Vi drog rett etter jobb på fredag, uten å ha planlagt dagsturen. Eg køyrde, og Kristine leitte etter tur på kartet. Utruleg nok fann ho ein topp med 200 meter i primærfaktor som ikkje var oppretta på Peakbook, dermed vart han målet for turen. Vi parkerte rett etter Vesterstraumen bru, som går over Øksfjorden/Innerfjorden sørvest på Hinnøya. Ikkje noko råk opp til toppen, men skogen var grei å gå oppover. Mykje snø, men den var lett og fin, så det var raskt og lett ned attende. Sjølv om toppen ikkje var meir enn 235 meter høg, var det flott utsikt frå toppen.

På veg oppover mot toppen
På veg oppover mot toppen
På toppen
På toppen
Sebortinden
Sebortinden
Utover Øksfjorden
Utover Øksfjorden
Mot Austerstraumen bru og blant anna Bukketinden
Mot Austerstraumen bru og blant anna Bukketinden
Mot blant anna Forkedalstinden
Mot blant anna Forkedalstinden
Oppover Innerfjorden, mot Vestpolltinden og Botntindan og Hestetinden
Oppover Innerfjorden, mot Vestpolltinden og Botntindan og Hestetinden

Ørnfloget

Utsikt tidleg på turen, innover dalen
Utsikt tidleg på turen, innover dalen
Mot Svolvær flyplass
Mot Svolvær flyplass

Etter den korte turen på Saufjellet ynskja vi å gå ein tur til. Valet fall på Ørnfloget, som er ligg nokre kilometer før Svolvær. Det var nesten mørkt når vi byrja å gå, så hovudlyktene var tatt i bruk tidleg. Vi hadde sett eit råk på kartet vi hadde tenkt til å gå innover, men det fann vi ikkje i all snøen. På Saufjellet hadde snøen vært lett og men, men her var han vondare å gå i. Det var eit hardt skarelag ein søkk igjennom. På toppen fekk vi sjå konturane av fjella rundt oss i mørket.

Utsikt tidleg på turen, mot Rulten på andre sida av Austnesfjorden
Utsikt tidleg på turen, mot Rulten på andre sida av Austnesfjorden
Litt utsikt i mørket
Litt utsikt i mørket
Litt utsikt i mørket
Litt utsikt i mørket
På Ørnfloget
På Ørnfloget
Turen på Ørnfloget. Vi byrja turen klokka 17.54, og brukte 52 minuttar på å gå den 1,8 kilometer lange turen.
Turen på Ørnfloget. Vi byrja turen klokka 17.54, og brukte 52 minuttar på å gå den 1,8 kilometer lange turen.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.