Hjerttinden i septembersol (22.09.2018)  5

Geschrieben von bakken59 GSM

Tourcharakter Bergtour
Tourlänge 7h 00min
Entfernung 18,6km
Höhenmeter 1.440m
GPS
Besteigungen Hjerttinden (1.381m) 22.09.2018

Anne og eg møttest etter jobb i Tromsø på fredag og køyrde først til Nordkjosbotn og spiste middag, så til Rundhaug gjestegård der vi var dei einaste gjestene i eit hotell utan betjening! Nøkkelen låg på disken i resepsjonen til oss. Etter frukost (med betjening!) køyrde vi forbi Bardufoss til Rubbåsvegen, og følgde denne så langt vi kunne oppover. Det regnte, men vi visste at det skulle klarne opp, og det gjorde det etter ein time. Først veg, så traktorveg, så raudmerkt stig. Fint å gå. Vi drog av frå stigen og gjekk i lettgått terreng opp til salen mellom toppen og Hjerttindtuva. Der møtte vi to unge rjupejegarar, ga meining sidan vi hadde høyrt skot på vegen oppover. Så skar vi rett opp til toppen, bratt, men heilt OK. Møtte den raudmerkte stigen oppe på fjellet og følgde den til toppunktet. Det var ein liten "steinborg" som kvilde på ein knapp på toppen, så sjølve toppen var fotogen og morosam å kome seg opp på. Strålande utsyn, sol, haustfargar. Spiste nista litt nedafor toppen, og følgde raudmerkt stig tilbake. 18,5 km, 1440 hm, 6 timar og 56 minutt. Masse rjuper, ein rovfugl, reinsdyr på avstand. Anne var med.

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.