Hornet/Hovenmannen (08.07.2018)
Skrevet av simenee (Simen Einmo Engdal)
Bestigninger | Hornet (1667moh) | 08.07.2018 |
---|
Turen som tidlegare blei lagt til Kalknebba var meint å skulle kombinerast med bestigning av Hornet frå Rysskaret, men glatt ur og meir snø enn venta satt ein stoppar for det den gongen. Derfor passa det no godt med eit nytt forsøk i selskap med andre. Langs T-merka sti inn til Dalasetra. Kryssa Serkja over ei lita bru, og gjekk stien opp til Serkjedalen langs nordsia av fossen. Tok tidleg av nordover og fulgte ryggen opp til Hornet/Hovenmannen. Ned att mot Serkjedalsvatnet for påfyll av vatn frå Serkja sitt utspring. Fulgte dalen ned att til fossen, og vidare ned til setrene. Siste delen av returen bar preg av eit følgje på fire med tunge bein, og praten gjekk laust om kva måltid som skulle nytast til kvelds.
Kommentarer