Befjell med ein del rot (25.08.2018)  4

Written by bakken59 GSM

Characteristic Hillwalk
Duration 3h 53min
Distance 10.5km
Vertical meters 692m
GPS
Ascents Befjell (658m) 25.08.2018
Lille Vore (500m) 25.08.2018
Fekk to dagar på eiga hand, og køyrde frå Oslo kl 1000. Etter ca fire timar og ca 30 mil, kom eg til Mykland. Så langt, så godt. Der slo eg inn ein ny gps-destinasjon, og det tok 10 minutt før eg skjønte at det var same namnet, men feil retning. Så der var 20 minutt sløsa bort. Men eg kom då til Risdal, og starta friskt oppover den merkte stigen i retning Vore. Etter maks 10 minutt starta det å regne, det var ikkje meldt! Det regnte ikkje så lenge, men nok til at berga blei ganske sleipe, og ikkje minst rakk lyng og gras å bli vått. Møtte av alle usannsynlege, ein fransk familie på veg ned. Korleis finn dei fram til ein slik tur?
Då eg kom opp til Lille Vore, valde eg å gå til venstre der svake spor i berget gav to alternativ, eg valde altså å gå mot Befjell, ikkje mot Vore og Befjell som var alternativet. I starten gjekk det ganske greitt, det var faktisk ein varda trasé, og eg følgde vardane heilt fram til ei lita tjønn. Så bestemte eg meg for å halde rett mot den venstre sida av Befjellet, å gå rett opp der, og så berga bortover mot toppen. Det gjekk heilt greitt, men rufsute med langt myrgras, hol og bekkefar. Det var veldig deilig å kome opp, og så gå berga bort mot toppen.
Fekk sol der oppe, og den heldt seg heile vegen heim att. Skreiv meg inn i toppboka.
Opp til toppen kjem det jo ein raudmerkt stig, og det var utruleg freistande å følgje den nedatt. Det gjorde eg, men for langt, var på full fart mot hyttefeltet, då eg skjønte at skulle eg treffe stigen ned til Risdal att, måtte eg skjere tvers over Skorva, dumpe ned i Støylrodalen og så oppatt. Det greidde eg jo, men landskapet gjekk på tvers av ruta mi, så det var berghamrar, og djupe renner å krysse på fleire punkt. Så det kjendest ikkje så effektivt. Eg fann tilbake til den vesle tjønna der eg hadde mista vardana på veg opp, og følgde dei tilbake til stigen. Når eg til dømes ser på Morsor sitt snorrette spor, gremmer eg meg over mi eiga dårlege planlegging og kartlesing! No ja. Akillesfoten min greidde seg tolleg bra i tunge fjellstøvlar, som rett nok blei totalt vasstrekte. Og eg logga 10,5 km på 3 timar og 50 minutt, der eg for størstedelen busha i vått og rotute terreng. 692 hm. Gjekk aleine.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.