Toppar i Harstad (18.08.2018)
Written by Hansi (Hans Thorvald Nygaard)
Ascents | Heia (526m) | 18.08.2018 13:20 |
---|---|---|
Vardheia (604m) | 18.08.2018 13:50 | |
Hinnstein (560m) | 18.08.2018 14:29 | |
Gansåsen (181m) | 18.08.2018 23:08 | |
Visits of other PBEs | Maistua (320m) | 18.08.2018 12:25 |
Heia utsiktspunkt (470m) | 18.08.2018 12:55 | |
Gansåsen p-plass (75m) | 18.08.2018 22:46 |
Stangebandet Return spiller på Bakgården i Harstad laurdag kveld, så Kristine og eg tok turen inn til byen. Før konserten ville vi på ein fjelltur, og valet fall på Vardheia og Hinnstein. Vi parkerte ved fotballbana på Medkila, og gjekk på bra råk opp til Maistua. Maistua var under oppussing, så det vart ikkje nokon tur innom der. Vidare skreiv vi oss inn i boka på utsiktspunktet nedunder Heia. Bok var det også på båe Vardheia og Hinnstein. Vi gjekk på bra råk heile turen, unntatt ned at det brattaste partiet frå Hinnstein. Det vart ein veldig fin tur, og også i dag fann vi molte.
Etter turen dusja vi på ein campingplass utanfor Harstad. Så drog vi inn i byen og handla på eit kjøpesenter, før vi gjekk til sentrum og åt middag og høyrde på Halie og Return. Vi forlot konserten når Dance with a stranger spilte, når vi gjekk attende til bilen fann vi ut at vi skulle gå på ein topp til. Så da køyrde vi til Gansåsen p-plass.
Klokka kvart på elleve gjekk vi i vegen mot toppen, og snautt 100 høgdemeter og 25 minuttar seinare var vi på toppen. Flott å sjå på byljosane i Harstad frå toppen. Plasseringa av toppen på Peakbook såg feil ut. I følgje kartet er det ikkje høgare der nåla er, enn det er på trigpunktet.
User comments