Mannslagarnuten - siste på kremtopplista i Telemark (09.08.2018)  4

Written by bakken59 GSM

Characteristic Hillwalk
Duration 5h 30min
Distance 19.8km
Vertical meters 1,082m
GPS
Ascents Hestestodnuten (1,066m) 09.08.2018
Mannslagarnuten (1,074m) 09.08.2018
Følgde skilt til Brokefjell frå rett etter avkøyrselen til Kviteseidbyen, eg kom altså frå nord. Oppover lia til Granli der det stod eit turkart, men ikkje merkt stig etter det eg såg. Så eg køyrde vidare oppover og var glad for alle høgdemetrane eg gjorde unna med bil. Til slutt kom eg til grind og eit småbruk/husplass i ein sving. Snakka litt med dama som budde der, og ho viste kvar eg kunne sette frå meg bilen litt nedafor grinda langs vegen. Eigenleg burde det gå an å svinge innom garden og så halde fram på grusvegen, men det opna ikkje dama for. Så eg parkerte på ca 330 hm, og gjekk grusvegen oppover i ca 200 hm til der det stod skilt med Heivatn 1,1 km som viste til stig til høgre. Stigen var godt merkt, og på det høgaste var eg vel oppe i 590 hm, før det gjekk nedover att til snuplassen ved Heivatn. Hit burde det i teorien vere mogleg å køyre, og det gjer dei sikkert dei som hadde den fine hytta oppe ved Heivatn som ligg på ca 550 hm. Derifrå var det grei stig langs vatnet, og så begynte klatringa, opp furuskog, jamn stigning, fin, tørr stig, herleg når ein kom opp på svaberga som ein kunne følgje til topps. Møtte ein familie med hund og to ungar i skolealder på veg ned frå toppen. Eg gjekk ikkje oppom toppen i denne omgangen, men gjekk rett fram og sikta meg inn på varden på Mannslagarnuten, som eg såg deprimerande langt borte. Det viste seg å vere ca 2 km å gå. Gjekk meg litt fast innimellom fordi det dukka opp langstrakte småvatn og bratte sva innimellom. Men fann greitt fram. Sjølve toppen såg bratt og høg ut på avstand, men var heilt grei når eg kom innpå. Åt niste i le bak varden før eg snudde. Bestemte meg for å halde meg litt meir mot vest tilbake. Men mista Hestestodnuten litt av syne, og medan eg tråkka meg på kryss og tvers mellom dammar og sva, snudde det seg litt i hovudet mitt og plutseleg så eg varden på Mannslagarnuten der den absolutt ikkje burde ha vore! Tok meg inn att, og gjekk oppom dei to vardane på Hestestodnuten. På vegen ned tok eg att ein familie på tre som hadde gått heilt frå Kviteseid, og hadde snudd oppe på svapartiet. Dei hadde gått like mange hm som meg på det tidspunktet. Gjekk frå dei og var glad då eg kom til bilen, for i dag trøbla begge knærne mine. Burde ha greidd å gå litt fortare, men tok omsyn til knærne, og var nøgd med 5 timar og 56 minutt brutto, og 5 timar og 24 netto. 19,8 km, 1082 hm. Gjekk aleine.

User comments

  • -
    avatar

    Takk!

    Written by bakken59 12.08.2018 12:38

    Veldig fin tur, ja, men litt småtrøbbel med knærene. burde nok kanskje hatt med stavar for å avlaste litt. Er heilt samd med deg, den telemarkslista er verkeleg eit overkomeleg og flott prosjekt. Kva for to toppar manglar du?

    • -
      avatar

      Sv: Takk!

      Written by siroho 12.08.2018 13:13

      Husnuten og Stavslinuten manglar. Helsa er ikkje god nok til desse turane nå, men håper det blir tur neste år. Har lest mange turrapportar så gler meg til å se lavskrike og høgfjellet.

      • +
        avatar

        Sv: Sv: Takk!

        Written by bakken59 12.08.2018 17:24
  • -
    avatar

    Gratulerer med Telemark pf>500

    Written by siroho 10.08.2018 12:33

    Ser ut som du hadde en flott tur etter bildene, selv om det hørtes ut som du sleit litt. Da ser jeg du har klart alle Telemark fp>500 før meg. Jeg har to igjen som det ser ut som det tar år før jeg får tatt. Ei flott liste dette, mange kremtopper her. Gratulerer.

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.