Blomliknuten (29.06.2018)

Written by kolla (Kolbjørn Tjessem) GSM

Start point Naglestad skisenter (375m)
Endpoint Naglestad skisenter (375m)
Characteristic Hike
Duration 5h 00min
Map
Ascents Blomliknuten (547m) 29.06.2018
Feiåsbergan (525m) 29.06.2018
Litlåsen (520m) 29.06.2018

Parkerte ved skisenteret mellom Lokavatnet og Bjennsvatnet og fulgte ein grusveg nordover på austsida av Lokavatnet og så på god sti opp til Blomliknuten. Ein av få topper i dette distriktet som har merka sti og vardbok på toppen. Faktisk er det også sikteskive. Utsikten i klarver er ganske bra, men ein ser stort sett bare skog og må ha kikkert for å kunne identifisere toppane langs horisonten. Hadde lang pause i det fine varme veret. Ned igjen fulgte eg stien mot Olavskjelda austover, men den stien blei gradvis meir utydelig så eg mista den. Gjorde derfor ikkje noko forsøk på å finne denne Olavskjelda, men gjekk vidare sørover i skogsterrenget til Litlåsen og Feiåsbergan. På sistnevnte står det ei mobilmast. Litt vest for denne kom eg inn på skogsveg som eg fulgte ned til skisenteret igjen.

Grusveg første stykket og herfrå 3,5 km til Blomliknuten.
Grusveg første stykket og herfrå 3,5 km til Blomliknuten.
Topplatået på Blomliknuten.
Topplatået på Blomliknuten.
Vardebok og sitjebenk.
Vardebok og sitjebenk.
Utsikt sørvestover med den skogkldte Feiåsbergan t.v.
Utsikt sørvestover med den skogkldte Feiåsbergan t.v.
Utsikt nordover.
Utsikt nordover.
Skilt mot Olavskjelda. Litt av den skogkledte Litlåsen t.h.
Skilt mot Olavskjelda. Litt av den skogkledte Litlåsen t.h.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.