Tur til Munkeggi i Balestrand (22.07.2018)

Written by Argok54 (Arnold Goksøyr)

Map
Ascents Munkeggi Østtoppen (1,318m) 22.07.2018

Tur til Munkeggi. Arnold (tobeint) og Snusen (firbeint)

Søndagen passa bra til ein tur til Munkeggi sjølv om skodda hang langt nede tidleg på morgonen. Eg og hunden kom oss i veg kl 08:50. Vi tok ruta til Kalbakk, inn dalen der og vidare opp skaret i retning Spenane, og så rett opp til Munkeggi. Ned att gjekk vi Nonskardet til Fagravatnet og vidare til Bruhjellstølen.

Turen går opp vegen mot Skåsheim gard. Gå inn ei lita grind til venstre før husa og gå gjennom skogen eit kort stykke til grusvegen som går opp mot det gamle vassverket. Før det er det ei tydeleg pil som peiker mot stien til Kalbakk. Etter ei stund kjem ein til Gamlestølen og då går ein rett fram. Ikkje til høgre!
'Gamlestølen'. Gå rett fram!
'Gamlestølen'. Gå rett fram!

Så er det eit lite stykke til første brua over elva som berre er ein svær, flat stein.
Stien er tydeleg merka vidare til ein kjem til neste bru som er av tre.
Andre brua
Andre brua

Lenger oppe er det endå ei bru, men den skal ein ikkje over. Stien går opp gjennom ein granskog og vidare ein bjørkeskog. Sjå etter raudt merke på trea, då går ein ikkje feil.
Det er jamn stigning heile vegen og det kan bli litt sveitt. Stølen på Kalbakk ligg på ca 650m og der er det fint å ta ein pust. Rekn med ca 1 - 1,5 time hit opp.
Neste etappe er over ei myr innover dalen frå Kalbakk. Her kan der vere ganske vått og ein må over nokre mindre elvar. Kanskje det er tørrare å halde godt mot høgre side av dalen og sikte mot det bratte, glatte fjellet. Stien går på høgre side av det.
Stien går på høgre side av det bratte fjellpartiet
Stien går på høgre side av det bratte fjellpartiet

Stigninga opp er her er slitsam, men når ein kjem til toppen går ein seg rett på eit skilt som fortel at Raudmelen er til høgre og Munkeggi/Spenane/etc. er til venstre. Har ein no mista motet kan ein få ein lett, men fin tur ned att via Raudmelen.
Men gå til venstre, sjå godt etter raude merker på steinane, ver merksam på denne svarte, glatte mosen som her er ein del av, men elles er det lett å gå. Ein siktar seg inn mot skardet rett fram. Der oppe er det ganske goldt. Ikkje mykje vegatasjon akkurat og ganske så verhardt om vinteren.
Her veks det lita anna enn ørlite gras og knapt nok det.
Her veks det lita anna enn ørlite gras og knapt nok det.
Etter å ha passert eit lite vatn, kjem ein til eit nytt skilt i dårleg stand som viser Nonskardet og Fagravatnet ned til venstre, Spenane er opp mot høgre og Munkeggi er rett fram.
Vi vart forøvrig antasta av nokre rabiate sauer medan vi stod der. Dei trudde nok vi hadde ryggsekken og lommene full av brødskalkar og anna gode saker. Hunden vart både sint og redd, men det brydde dei seg katten i. Eg såg for meg at hadde dei fått dei noko som helst hadde vi aldri blitt kvitt dei. Eg bad dei ryke å reise ein viss plass.
Etter å ha redda skinnet vårt var det å følge stien ned ein bakke og over eit vatn/ei lita elv og opp bakkane på andre sida. Vi hadde utsikt rett mot Munkeggi, men det var greitt å gå etter dei raude merka for her var ganske steinete og då strevar hunden med å kome seg fram. Til slutt kom vi til den første Munkeggi-toppen på 1270m.
Munkeggi på 1270m
Munkeggi på 1270m
Der stoppa vi, slappa av, åt mat og tok litt bilete.
Ja, det er litt slitsamt å kome seg opp hit.
Ja, det er litt slitsamt å kome seg opp hit.
Eigentleg er Munkeggi den neste toppen på 1317m eit stykke vidare, men eg har vore der før så eg gadd ikkje gå dit bort denne gongen.
Den eigentlege Munkeggi
Den eigentlege Munkeggi

Dessutan bles det litt kaldt sjølv om sola skein. Eg er glad eg tok med jakke.

Utsikten frå Munkeggi er utruleg. Særleg viss ein går fram på stupet og ser bort til Raudmelen og ned i Esedalen
Utsikten frå Munkeggi er utruleg. Særleg viss ein går fram på stupet og ser bort til Raudmelen og ned i Esedalen

Turen ned att gjekk via Nonskardet. Det er best å gå på venstre side av elva og så hoppe over til høgre side ca etter halve vegen. Stien er bra merka og det er ganske lett å gå. Ein kjem ned til Fagravatnet som var det gamle drikkevatnet til Balestrand. Følg stien ned til elveosen og der går det tydeleg merka sti heile vegen vidare ned til Bruhjellstølen og derifrå ned til Skåsheimsvegen.
Turen tok oss ca 5 timar inkl. pausar og litt preiking med eit par kjentfolk. To liter vatn var for lite, eg burde hatt med tre, og det hadde vore godt med ei banan også.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.