Nesset/Sunndal: Reinstindene, Breitelnebba og Såtåtinden (16.07.2018)  6

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Start point Reinsvatnet p-plass (890m)
Endpoint Reinsvatnet p-plass (890m)
Characteristic Hillwalk
Duration 7h 59min
Distance 27.8km
Vertical meters 1,924m
GPS
Ascents Breitelnebba (1,737m) 16.07.2018
Breitelnebba Øst (1,454m) 16.07.2018
Reinstinden (1,706m) 16.07.2018
Reinstinden Vest (1,568m) 16.07.2018
Såtåtinden (1,617m) 16.07.2018
Visits of other PBEs Reinvassbu (900m) 16.07.2018

Møre og Romsdal pf 100 1148/1161
Parkerte ved Reinsvatnet i strålande ver, høg temperatur og heldigvis litt vind. 2 andre bilar stod parkert, men såg ikkje folk heile dagen. Ganske ubegripeleg eigentleg i sånt eit flott område. Gjekk nordsida av vatnet og til Reinstinden først. Bratt ur ned på vestsida av denne. Ennå brattare ned frå 1454-toppen, men ikkje styggt eller direkte vanskeleg. Fantastisk flott på Breitelnebba med fin utsikt i alle retningar. Studerte Vikesoksa som eg besøkte nokre dagar seinare. Mot Såtåtinden låg det ca 15 reinsdyr i snøbreen på nordsida. Artig å sjå når dei tok laust nedover det bratte snøfeltet. Det hadde vore utruleg spennande å utforska terrenget mot Vikesoksa. Veldig lite info å finne om denne sørryggen. Ser heftig ut men muleg ein kunne funne ei klyverute opp der på baksida. Men no blir ikkje det. Kom ned i Vikebotnen og inn på T-merka rute aust for Kolstadstølen. For ein kjempefin dal! Så var det berre å følgje denne tilbake til bilen. Riktignok langdrygt, men det kan ein ikkje klage på. Ikkje folk på Reinvassbu, ikkje folk nokon plass i desse fjella verkar det som. Ubegripeleg. På parkeringa var det no ein ny bil. Ein kar sat i skyvedøra på varebilen og grubla. Eg gjekk bort for å slå av ein prat. Skal ikkje nemne namn på karen her, men han hadde vore på alle fjelltoppane i Norge, og alle på Svalbard og. Der møtte eg min overmann!

2 toppvardar på Reinstinden
2 toppvardar på Reinstinden
Utsikt frå Reinstinden
Utsikt frå Reinstinden
Frå Reinstinden
Frå Reinstinden
Sørover mot Osvatnet/Langvatnet
Sørover mot Osvatnet/Langvatnet
Reinstinden
Reinstinden
Nordover frå Breitelnebba
Nordover frå Breitelnebba
Vikesoksa
Vikesoksa
Mot Slotthøa og Midtfonntindan som Torleiv og eg besøkte for ei veke sidan.
Mot Slotthøa og Midtfonntindan som Torleiv og eg besøkte for ei veke sidan.
Mot Reinstinden og Reinsvatnet frå Breitelnebba
Mot Reinstinden og Reinsvatnet frå Breitelnebba
Vikesoksa frå Såtåtinden
Vikesoksa frå Såtåtinden
Breitelnebba frå Såtåtinden
Breitelnebba frå Såtåtinden
Midtfonntindan
Midtfonntindan
Mot Reinstinden frå Såtåtinden
Mot Reinstinden frå Såtåtinden

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.