Ben Nevis i strålande sol (06.07.2018)  6

Written by bakken59 GSM

Characteristic Hillwalk
Distance 16.6km
Vertical meters 1,354m
GPS
Ascents Ben Nevis (1,345m) 06.07.2018

Overnatta på svært shabby hotell i Fort William, sov dårleg, men kom i alle fall tidleg i gang. Kjøpte frukost og niste på Tesco som opna kl 0700, og køyrde til Glen Nevis der vi spiste frukost ved Visitorsenteret før vi starta å gå ca kl 0830. Var litt imponerte over dei vi møtte på veg ned i 0900-tida! Gjekk alle tre samla opp til innsjøen, men derifrå gjekk Tom og eg litt på i forvegen, medan Marit ville gå seinare og vurdere å snu om det blei for langt. Vi brukte tre timar opp, rasta og tok bilete, og beundra utsikta, før vi ringte Marit for å høyre korleis ho låg an. Då hadde ho falle på ca 1200 hm, slått og skada handa, og var på veg nedatt. Vi tok henne ikkje att før vi kom ned mot dalen igjen. Blå bandasjert hand som nokre kjekke tyske damer hadde fiksa. Leitt. Bortsett frå det uhellet, hadde Tom og eg ein flott tur, med suverent vêr, og med mange blide turgåarar frå heile verda som også fekk glede av ein perfekt dag. 6 timar og 6 minutt inkludert pausar, 16,6 km, 1354 hm.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.