Sulevatnet rundt med toppar (01.07.2018)

Written by Esone (Einar Moen) GSM

Duration 7h 17min
Distance 43.9km
Vertical meters 1,414m
GPS
Ascents Nord for Knipenborg (1,538m) 01.07.2018 15:12
Knipenborg (1,738m) 01.07.2018 15:58
Knipenborg Sørøst (1,728m) 01.07.2018 16:14
Hardeggi Sørtoppen (1,593m) 01.07.2018 17:58
Hardeggi (1,595m) 01.07.2018 18:14
Kyrkjenøse (1,654m) 01.07.2018 18:48
Storeknippa (1,648m) 01.07.2018 19:37
Visits of other PBEs Ulvehaugveien bom (1,112m) 01.07.2018 21:02

Sykla inn til Sulevatnet. Frå Eldrevatnet var det 12 km inn til demninga, og noko lenger enn venta. I dag vart det tur rundt heile Sulevatnet. Klokka inn Sørvest for Sulevatnet og Knipenborg, Lærdalstoppar over 100 pm. på sørsida av vatnet. Den tredje, Knipenborg Sørøst, var ein mindre topp. Eg var spent på nedgangen til Bjørnabotnen under Høgeloft. Det gikk fint. Litt utfordrande eit skråbratt sva/hyllegalleri, men det løyste seg, og var innafor. Eg kom meg nedover mot botnen. Brea som låg under meg var for bratt, og uaktuell. Alternativet hadde vore å ta seg oppover mot Høgeloft. Glad eg slapp det.

Etter å ha runda sørsida av Sulevatnet bar det kraftig beint opp, og opp på Hardeggi. Eg var innom 4 toppar i nabokommunane på nordsida. Av desse var Kyrkjenøse og Storeknippa over 100 pm. og raude skikkelege toppar. Det var artig å gå Hardeggi, bortover mot Kyrkjenøse.

Når ein går såpass langt og høgt og i grensefjell til kommunane Lærdal, Hemsedal og Vang, får ein ei storarta naturoppleving. Botnar og breear, svarte toppar, snille grøne toppar, flatare høgfjellsplatå, og fine vatn. Mykje godt å kvile auga på i dag. Og sidan det var 28 grader nedi dalen, var det akkurat passe t-skjortevèr i 1440 til 1740 moh. som eg gikk i dag.

Sørvest for Sulevatnet.
Sørvest for Sulevatnet.
Frå toppen S.V. for Sulevatnet mot Knipenborg.
Frå toppen S.V. for Sulevatnet mot Knipenborg.
Knipenborg
Knipenborg
Knipenborg-toppen, 1740. Ganske flat, og ingen varde.
Knipenborg-toppen, 1740. Ganske flat, og ingen varde.
Knipenborg Sørøst, 1728.
Knipenborg Sørøst, 1728.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.