Kremtopp i kremver: Sankta Synnevahornet (03.06.2018)  6

Written by bakken59 GSM

Characteristic Hillwalk
Duration 3h 42min
Distance 8.4km
Vertical meters 581m
GPS
Ascents Sankta Synneva-hornet (689m) 03.06.2018
Anne og eg hadde overnatta i campinghytte på Nore fjordsenter etter den store turen til Ålfotbreen dagen før. Etter morgonbad og frukost kom vi til parkeringsplassen ved vegen kl 0945 og starta å gå i vindstille og 17 grader og full sol. Lett å gå inn vegen der stigen startar, merkt med ynt, kanskje Ytre Nordfjord turistforening eller noko? Litt jungel oppover, men heilt fint å gå. Nokre har skrive kor vått det kan vere oppover, men etter tre vekers tørke var Goretex-sko heilt greitt og joggesko hadde også fungert. Men her er nok vått til vanleg!

Nydeleg kulturlandskap dette, først den velhaldne raudmålte hytta/stølen ved eit lite vatn, og over tregrensa den flotte stølen Skogadale. Tre nydelege steinhus, der i alle fall eitt var på veg ned. Murt kløvveg oppover i ura, der vi blei forbigått av ein sprek lokalkjend kar som vi snakka litt med. Rasta lenge i graset på toppen, masse fotografering og niste blei det tid til. Utruleg nydeleg utsikt og deilig graskledd topp. Vi møtte fem enkeltpersonar med noko mellomrom på veg ned. Bortsett frå at eg var sårbeint med litt vonde tær i ein tanke for trange sko, var turen perfekt! Brukte 3 timar og 45 minutt med lang pause på toppen og null stress. 8,46 km, 581 hm. Anne var med og kryssa av kommune nr 200 i dag.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.