Stølsmardalstinden (12.05.2018)

Written by Esone (Einar Moen) GSM

Characteristic Randonnée/Telemark
Duration 9h 39min
Distance 19.8km
Vertical meters 1,170m
GPS
Ascents Stølsmaradalstinden (2,026m) 12.05.2018 15:47

Fantastisk og relativt alpint topptur med Lærdal turlag. Eit følgje på 15, med fleire deltakarar frå andre lag, gjennomførte turen på vel 9,5 timar. Det minkar på snøen og det var særs laust og med gjennomslag opp til tinden. Ski-etappen hadde betre føre, men det minkar på snøen, og ganske straks vil ein streve med elvane i Austabotn-dalføret.

Etter mi vurdering er det relativt bratt frå 1550 - 1700 moh. Særleg siste kneika der vi går trappetrinn opp mot 60 grader. Men det var fin laus snø, trygge trinn, og vi tok det forsiktig. Viktig å ta hensyn til dei som tykte det var litt tøft, noko fleire ga uttrykk for (særleg på retur).

Dette nivået er nok det mest alpine til Lærdal turlag tilbyr, sidan vi ikkje har fjell- og bresport-avdeling.

Vi fekk god guiding av kjentmann John Einemo, som kunne peike og namnsette toppane rundt oss frå toppunktet. Stødig turleiing av Rolf Engløkk. Og som utsiktspunkt var Stølsmaradalstinden svært flott.

Lang rekkje inn Austabotn, med tindane.
Lang rekkje inn Austabotn, med tindane.
Stølsmaradalstinden til venstre midt i bildet.
Stølsmaradalstinden til venstre midt i bildet.
Pust i bakken, ca. 1850 moh.
Pust i bakken, ca. 1850 moh.
Nabotoppen, Vesle Stølsmaradalstinden.
Nabotoppen, Vesle Stølsmaradalstinden.
Siste kneika mot toppen.
Siste kneika mot toppen.
Isvatnet langt der nede. Marita etterfyller solfaktor på lepane :)
Isvatnet langt der nede. Marita etterfyller solfaktor på lepane :)
Store Skagastølstind.
Store Skagastølstind.
John Einemo fortel om fjelltoppane og gruppa lyttar.
John Einemo fortel om fjelltoppane og gruppa lyttar.
Store Ringstind.
Store Ringstind.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.