På betongføre over Frudalshesten til Berge (17.03.2018)  4

Written by Hommpbollen (Tor)

Characteristic Randonnée/Telemark
Duration 5h 16min
Distance 18.4km
Vertical meters 1,306m
GPS
Ascents Frudalshesten (1,554m) 17.03.2018 13:14
Frudalsbreen (1,598m) 17.03.2018 13:45
Visits of other PBEs Frudalstunnelen Parkering Øst (520m) 17.03.2018 10:22

Ja, kva skal ein så seie om denne turen. Mest tragikomisk kan hende.

Eg, Håvard og Asle hadde store forventningar då vi med glød og iver parkerte bilane på Berge og ved Frudalen, nettopp for å gå over Frudalshesten og ned til Fjærland. Dette er jo ein must do-tur i Sogndal, som etter dei siste ryktene å døme, baud på puddersnø frå topp til botn. Dette fekk vi og stadfesta av ein, etter vår oppfatning, fjellvant kar vi møtte på Frudalshesten. Så då gjekk det ikkje an å klage over dei 1100 høgdemetrane vi først hadde forsert nei. Vi skodde på oss utstyret og var som ungar på julekvelden.

(Berre så det er sagt: Turen til toppen, via Frudalen, gjekk for så vidt heilt greitt. Vi måtte opp nokre litt bratte heng på vegen, men så lengje skredfaren var låg og vi tok forholdsreglar, gjekk dette heilt greitt.)

Men så var det nedkøyringa då. Ryktene viste seg ikkje å vere sanne. Det var "sementføre" frå topp til botn. Det var hakking og risting og jævelskap heile vegen, og eg og Asle fant fort ut at vi skulle ha droppa knebøyen dagen før. Det gjekk likevel verre med Håvard, som ikkje hadde trent knebøy, men som likevel fall i brattaste henget ned mot Vetlebotn så både ski, stavar, drikkeflauske og naseblod flaug til alle kantar. Eg og Asle fekk tak i skia, men den eine staven var søkk vekk. Så var det å riste, hakke og humpe seg nedover gjennom skogen forbi Fjellstølen med ein skadeskoten kar på lasset og elles med pinnestive bein. Det var like kjekt som det høyres ut.

Nedst nede valde Håvard å gå på ein grusveg siste stykket, medan oss to andre stort sett køyrde på islagt sti ovanfor vegen. Her var det trangt og hardt, og på tur ned kræsja eg og Asle i kvarandre (eller eg meir i han). Det gjekk heldigvis betre denne gongen enn sist, til tross for alle "ukvemsorda" som då jalla mellom fjellsidene. Det vart nok av dei på veg ned, for å seie det slik.

Når vi kom ned til brua over riksvegen møtte vi eit par jenter som haika med oss tilbake gjennom tunnelen. Alle la skia sine i skiboksen til Asle, men då vi kom fram hadde denne boksen plutseleg hengt seg opp. Merkeleg nok fekk Asle den likevel opp, rett etter at ei av jentene hadde delt mobilnummeret sitt med han. (Han måtte jo tross alt ha nummeret for å kunne utlevere ski seinare.) Så samla sett fekk vel Asle meir ut av denne turen enn eg og Håvard.

Ps: gps-biletet nedst lyg ca. frå toppen (+ sporing gjennom tunnelen). Vi køyrde sjølvsagt ikkje i bein strekning (hockey) frå toppen og ned. Så store idiota er vi ikkje..

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.