Lomafjellet på ski frå Dalavegen (28.02.2018)
Geschrieben von Kaare_70
Besteigungen | Lomafjellet (564m) | 28.02.2018 |
---|
Endå ein flott skitur i den kvitpynta Jørpelandsheia! Bar som sist skia opp Kjellbrekk og gjekk opp til Tinturvatnet. -12 grader ved bilen og frisk bris minst, gjorde sitt til at eg måtte holda meg i bevegelse. Tok oppom Lomafjellet og så inn Rovadalen. Her var det fint le, og i ei fin solhole tok eg ein god pause. Tok turen inn til Rovakilen i Svortingsvatnet og snudde der. Tilbake same veg, og over Tinturvatnet rauk det godt i vinden, som heldigvis var i ryggen. Ekstra vindbukse og dunjakke vart ubrukt, men var gode å ha som sikkerhet. 3 ½ flotte timar på tur!
PS: natta etter hadde målestasjonen ved Liarvatnet minimum i fylket med -18,4 grader, det er sjeldan på våre trakter!
Benutzerkommentare