Salane, Krunefjell og Prammafjellet på ski frå Målandsdalen (04.02.2018)
Written by Kaare_70
Ascents | Bergeheia (706m) | 04.02.2018 |
---|---|---|
Krunefjell (723m) | 04.02.2018 | |
Prammafjellet (713m) | 04.02.2018 | |
Salane (658m) | 04.02.2018 |
Kjempefin tur frå Boremyr i Målandsdalen opp den nye traktorvegen til Prammaleitet, og vidare innover mot Målandsvatnet og Brogaheia. Det var mulig å gå på ski heile vegen oppover, og etter kvart flott pudderføre. I 12-tida kom me opp på toppen av vegen og fekk dagens andre soloppgang. Me bestemte oss for å gå på Salane først, som var ny topp for meg. Det var fleire toppunkt, og utsikten var flott både mot Krunefjell, Reinaknuten og Tysdalsvatnet.
Me ville vidare opp på Krunefjell, og runda i ein stor bue forbi Salaskardet og over Bergeheia. Herifrå gjekk det småkupert vestover til topps, med fantastisk utsikt mot kjente vatn og toppar i Jørpelandsheia. Det var storarta å stå ved varden igjen, 27 år sidan sist og første gang på ski. Det vart ein god matpause i le for ein liten bris, og i solskinet som varte heile dagen. Det var svært fine snøforhold, med bare litt ispanser heilt på toppane, eg vil anslå snødybden til ½ meter.
Frå Krunefjell returnerte me over Bergeheia og ned mot Målandsvatnet, før me tok ei tung siste oppstigning på Prammafjellet. Her var det flott kveldssol og heilt vindstilt, og så var det bare å ta same veg ned i skyggen og skrå ned lia til Prammaleitet og traktorvegen.
Me måtte av med skia etter kvart, både fordi det vart svært bratt og fordi det var steinete på vegen, tilbake ved bilen ved Rv. 13 etter 6 flotte timar på tur.
Traktorvegar er ikkje min favoritt, men denne var ein fin snarveg til den fine Brogaheia og indre deler av Jørpelandsheia.
User comments