Rjupeskareggen (21.01.2018)

Written by Esone (Einar Moen) GSM

Start point Smeddalsosen. (908m)
Characteristic Randonnée/Telemark
Duration 5h 15min
Distance 14.0km
Vertical meters 801m
GPS
Ascents Smeddalsnosi (1,471m) 21.01.2018 13:00
Rjupeskareggen (1,551m) 21.01.2018 14:15

Fin skitur på Randonè frå Smeddalsosen til Rjupeskardseggi saman med Marita. Småkalde minus 23 når vi starta litt etter kl 11. Sola skein fint i bjørkeskogen i 15 cm pudder. Idyllisk. Ein får fort opp varmen i bratta og djupsnø.

Vi gikk inn Gravfonnbotn, men dreia nord, og gikk opp mellom Smeddalsbergi og Smeddalsnosi. Årsaka var at vi vurderte ruta rett opp i Kviesjøen, som litt rasutsett slik forholda var. Det har komme mykje snø som ikkje har botte seg, og det var ein viss fare for flakskred. I det vi gikk opp, såg vi eit følgje på 8 personar på veg mot Salen, på andre sida av Gravfonnbotn. Vi tok med Smedalsnosi som toppbesøk, før vi sigla ned på Kviesjøen. Tok ikkje av fellene her.

Så var det transportetappa over Kviesjøen, ca. 20 min. Det vart no å finne ei fin rute til toppen. Litt over på vestsida av ryggen, og vest frå sjølve fjellet, med retning nesten nord. Litt kuppert, og vi måtte ned ei lita brekkje, før vi kom inn i ein fin dal som vi følde oppover, og sist inn ein botn. Så var det berre å dreie vest. For toppunktet er på vestsida av fjellet. Ikkje aust slik ein ser det frå Kviesjøen.

På returen valde vi same ruta. Vi la ikkje om til feller att, før vi var nede på Kviesjøen. Ganske greitt dit, men vi måtte skråtrakke ca. 100 meter i nemnde brekkje etter dalen. Då vi gikk over isen, var det flott sollys i alle retningar. Det "brann" i aust, og var raud og vakkert der vi kom frå, i vest.

Over isen, opp dalen mot nord, runda Smeddalsnosi. No vart det av med feller og sigling heilt ned att. Utruleg moro, og høgdepunktet var laussnøen frå Synhaug og nedatt skogen. Kjempemoro :). Vi hadde bruk for heile dagen, og lyset avtok til sist. Vi hadde på ei hovudlykt under Gravfonnbotn. Nede att ved bilen kl 16:25 i skumringa. No viste det minus 12.

Super topptur i januarlys og kulde.

I bjørkeskogen like etter start.
I bjørkeskogen like etter start.
'
Rjupeskardseggi sett frå austsida av Kviesjøen.
Rjupeskardseggi sett frå austsida av Kviesjøen.
Toppunktet på Rjupeskardseggi (mot Bringe).
Toppunktet på Rjupeskardseggi (mot Bringe).
Under toppen, og klar for retur.
Under toppen, og klar for retur.
Nemnde dal, og brekkje.
Nemnde dal, og brekkje.
Skispora vestover Kviesjøen etter retur.
Skispora vestover Kviesjøen etter retur.
Sol i aust. Suletinden og Sulefjellet.
Sol i aust. Suletinden og Sulefjellet.
Vi skal til med nedkøyringa.
Vi skal til med nedkøyringa.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.