Ørsta: Langhornet, Dukhornet nvf og Kubben (25.09.2017)

Written by Freeflex (Ragnar Liaskar) GSM

Map
Ascents Dukhornet Nordvest (1,234m) 25.09.2017
Kubben (1,126m) 25.09.2017
Langhornet (1,233m) 25.09.2017
Visits of other PBEs Årsetsætra p-plass (500m) 25.09.2017

Kvalshagen (Trygve Kvalsund Norhagen) var ferdig på jobb i tide til ein kveldstur om det ikkje var for langt unna, så då passa det fint med ein litt småsnacks frå dei forskjellige Ørsta-listene som har fått stå att med tanke på korte haustkveldar.

Valgte å følge god rås heilt opp i Langhorndalen og så gå opp ryggen mellom Langhornet og Dukhornet nvf, trur det må være eit minst like om ikkje betre alternativ enn den andre sida. Artig egg mellom desse toppane og medan Trygve ville jobbe litt meir med brunfargen stakk eg nedom Kubben også. Bratt ned mot vatnet på dei skurte, men tørre svapartia til Svartevatnet, så retur gjennom buskas og kratt til vi kom inn på stien på andre sida av elva.

Eg har framleis ikkje funne utav dette med opplasting av foto på ein god måte der det eg skriv om fotoa blir igjen når eg postar, så eit foto denne gongen også ;)

User comments

  • -
    avatar

    Peakbookar på heiltid?

    Written by fjellfotografen 26.09.2017 10:44

    Er du peakbookar på heiltid freeflex? Vore bra fangst på deg i år, minnast at det var kjekt så lenge toppane ligg i nærleiken, men når nærmaste ubesøkte topp vert over 1t køyring unna byrjar det å røyne på både bil og dagslys:-)

    • -
      avatar

      Sv: Peakbookar på heiltid?

      Written by Freeflex 26.09.2017 18:21

      Nei, men det er høgt prioritert for tida ;) Gjorde eit unntak for sykkel-vm i helga, men ellers har eg droppa det meste på dagar med brukbart vær.

      Ja, eg satt att litt toppar i "nærleiken" til no når det er kortare kveldar, men det blir andre bollar når ein står att med 100 toppar i Norddal..

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.