Ein tur heimom til Solund i godveret må til :) Medan eg venta på att skyssbåten skulle gå ifrå Hersvikbygda, hadde eg tid til ein liten beinstrekk på Husefjellet. Hærleg å nyte utsikta over øyane og havet igjen. Ganske så høg krattskog er det også her i enkelte parti! Eg fekk ein aldri så liten tanke tilbake, på ein heller så minnerik tur eg tidlegare hadde på Krakksnova i Nord Solund :) Forskjellen her, var ein liten sti mellom buskene! Det var det ikkje på Krakksnova...Solund har mykje variert og spennande terreng som ein ikkje bør ta for gitt! https://peakbook.org/tour/157714/Krakksnova+i+Solund+og+%22Urskogturen%22.html
User comments