Sykkylven: Sandvikshornet og Søvikhornet (29.08.2017)

Written by Freeflex (Ragnar Liaskar) GSM

Map
Ascents Sandvikhornet (876m) 29.08.2017
Søvikhornet (707m) 29.08.2017

Parkerte ved hovedvegen på Løset og fulgte grusvegen oppover til råsa startar frå venstre side av vegen mot setra. Veldig flott sti gjennom skog og utmark som har firbeinte beitepussarar som kan jobben sin. Bra sti heile vegen til Sandvikshornet, men på veg nedatt er det lett å gå av om ein har litt fart, så tipset er å heile tida halde litt mot dalen.

Eg skulle ta ein snarveg og følge ei hjorterås som hadde retning mot høgste delen av passet. Det verka smart, men det viste seg at råsa mot Søvikhornet startar litt før høgste punkt, så eg fekk meg ein bomtur mot setra. Der var det dog meeeget flott og fotogent, så sjølv om eg mista siste ferga i Hundeidvika var det ikkje heilt bortkasta.

Når eg fann råsa til Søvikhornet gjekk det kjapt unna, men her er det mange hjorteråser som kan forvirre sjølv om råsa som leiar til topps stort sett er tydligast. Det gjeld å følge godt med ;)

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.