Sonen sin første telttur (05.08.2017)

Written by kobbenes (Kristian Starheim) GSM

Characteristic Expedition
Duration 15h 00min
Map
Visits of other PBEs Kobberdammen (288m) 05.08.2017
Kobberdammen parkering (310m) 05.08.2017
Kona og Sonen har bada, og et no kvelds før Sonen skal "sovne"
Kona og Sonen har bada, og et no kvelds før Sonen skal "sovne"

Eg har lenge snakka om kor eg har gleda meg til å ta Sonen på telttur. Merkelig nok har eg ikkje gripe nokon av dei mange sjangsane som har bydd seg. Då Kona brått, laurdag formiddag, foreslo at vi kunne fare på telttur, så var det kanskje akkurat den ekstra motivasjonen eg trengde for å iverksette dette barn-i-naturen-tiltaket.

Etter ein heil haug med pakking og sosing kom vi oss i bilen i 5-tida og køyrde til Kobberdammen. Alle dei finaste teltplassane var fulle av meir eller mindre (mest meir) lydfulle campingturistar, så det vart ei lita runde rundt vatnet før vi slo oss til i kveldssola på austsida.

Her vart det full rulle med blåbær, bading, konglar etc etc etc. Klokka var godt over leggetid då Sonen vart forsøkt lagt i søvn i teltet. Søvn kunne vi imidlertid berre drite i, for her var det god stemning! Etter ei imponerande totimersøkt, alt heldigvis i godt humør, gikk junior i bakken halv 10.

Eg og kona sette oss så ut for å nyte skogens ro med øl, sjokkis og romantisk samtaling. Vi registrerte at det på ingen måte var rolige forhold rundt kobberdammen ein varm augustkveld. I tillegg var vi dei einaste som hadde tatt høgde for bålforbudet. Etter å ha konstatert av myggsprayen ikkje var serlig effektiv, fyrte Kona opp eit bål til oss også. Dette gav både myggen og naboane det glatte lag!

Her blir det røyksignaler, ugh ugh
Her blir det røyksignaler, ugh ugh

Vel vel, junior sov heile natta, og vi stod alle relativt utkvilde opp klokka 8 morgonen etter. Nydelig vær framleis, og skikkelig kåbbåyfrokost. Det må til om ein skal klare å samle alle konglane i bymarka. Før vi rusla heim tok tilogmed Far seg eit bad.

Ein skikkelig kremtur, altså. Men det kan vere vi vel eit mindre folksomt turmål neste gong.

User comments

  • -
    avatar

    Ekspedisjon!

    Written by SturlaS 07.08.2017 13:19

    A small step for man...

    Flott teltdebut for Jr. Måtte det bli mange teltdøgn i åra som kommer!

    • -
      avatar

      Sv: Ekspedisjon!

      Written by kobbenes 07.08.2017 13:38

      Det lova bra dette ja. Stor entusiasme og lite dårlig stemning. Meir kan ein vel ikkje be om :-)

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.