Hornindalsrokken, Hornindal (26.07.2017)

Skrevet av Elementmannen

Turlengde 7t 16min
Distanse 13,2km
Høydemeter 1308m
GPS
Bestigninger Hornindalsrokken (1527moh) 26.07.2017 14:46
Andre besøkte PBE'er Hornindalssætra parkering (400moh) 26.07.2017 10:38

Etter storflaum i Utvik natt til 24. juli, var det gravemaskinar og forsikringsfolk som stod for innsatsen og i litt frustrasjon for me til slutt til fjells.
Me fekk med oss KH og PK og køyre til Hornindal og parkeringsplassen ved hovudvegen. Så var det å flytte alt over i ein bil og køyre usle 1 km framover på bomveg, litt unødig.
Parkerte her, såvidt plass, og rusla oppover til setra og vidare innover. Ein lokal bonde meinte det var fare for steinsprang inn dalen, men vegetasjon og alder tyda ikkje på dette. Solskinn og fin og smalen koste seg innover dalen med oss. Dårlege vitsar satt lausare og lausare.
Me brukte ein god time til foten av bratta og oppe i lia møtte me på ein kar med cerebral parese på veg ned. Dei hadde telta ved foten og gått opp på morgonkvisten. Respekt.
Me kom oss opp, det går fint når det er tørt, og og i snøfonna og ura mot toppen. Flott utsikt mot Kvitegga, Slogen, Bleia, mm., men sjølve rokken stod ikkje i bakgrunnen for noko som helst. Majestetisk.
Luftig egg og flott utsikt mot vest og Hjørundfjorden og over alt, eigentleg. Kjekt med tøre steinar her. Etter ein god pause tutla me ned att då det var noko verendring på gong. Me kom oss ned bratta før det kom noko fukt og tutla mot bilen i luntetempo.

Det heile tok gode 7 timar med kosetempo og pausar. Ein finfin tur, anbefalt på ein tørr dag.

Dagens dyr: smale

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.