Forsøk på travers i Stordalsfjella (22.07.2017)

Written by fjellfotografen (Håvard Myklebust)

Start point Grytalisætra (300m)
Characteristic Jogging
Duration 6h 00min
Distance 21.4km
Vertical meters 2,150m
Map
Ascents Grytavasstinden (1,328m) 22.07.2017
Lauparen (1,434m) 22.07.2017
Litlebottstinden (1,299m) 22.07.2017
Svartvassegga (1,217m) 22.07.2017
Tverrbotnsegga (1,276m) 22.07.2017
Grytavasstinden Vesttoppen (1,310m) 22.07.2017

Planen var å gjere eit skikkeleg raid når ein først skulle ta til på Stordalsfjella. Starta friskt i varmen mot Grytavatnet og nådde toppen av Lauparen etter 1t og 5 min. Deretter bortover nordegga av Grytavasstinden og over den meget fotogene Vesttoppen. Vidare oppover Tverrbotnsegga der vi i nedstigninga til eit skar møtte eit ufint nedtak som nok er enklare å gå opp. Lite visste vi om vegen vidare om det ville kome fleire slike crux, og valde difor å snu her i håp om å få med oss god karma på ein anna peakbook-tur i ukjent terreng. Vi returnerte via Trollbotnen og tok med oss Litlebotnstinden. I ettertid ser det ut til at dei fleste nettopp har gått traversen andre vegen, og at der er eit punkt opp Vesttoppen av Storbotnshornet som også kan vere tricky. Her lyt ein berre kome attende å gå heile traversen på ny - andre vegen. Med på turen VON.

PS. Kjekt å kome til spennande og kvasse fjell i Stordal etter å ha baksa i våt og stilaus sumpmyr i Vanylven i ei lengre periode.

User comments

  • -
    avatar

    Merking

    Written by fjellfotografen 24.07.2017 23:34

    Vanylvingane har vore flinke å merka og skilta turane frå vegane/setrevegane, men det kan virke som det er mangel på brukarar av desse stiane...

    • -
      avatar

      Sv: Merking

      Written by Freeflex 25.07.2017 14:16

      Det har du rett i, samtidig er det vel noko med både slitasjen som trengs på kjappgrodde "våtmarker" og antalet dagar med tørre forhold. Utfrå dei få lokale eg har møtt så verkar dei være enda meir konsentrerte om nokre få turar enn kva folk flest er i Ørsta/Volda. ...og her i området har det jo eksplodert siste 15-20 åra. Rundt årtusenskiftet var det knapt stiar nokon plass utanfor dei typiske folketoppane.

  • -
    avatar

    Vanylven

    Written by Freeflex 24.07.2017 13:32

    Eg syns nesten litt synd i Vanylven så får så hard medfart av alle som samlar på Sunnmørstoppar. Felles for både Ove, Lise, deg, VON og meg er vel at vi har brukt ganske mange våte haustdagar der? ;)

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.