Tur til Rendalen - Akshaugen, Tannvola og Gråhøgda (20.07.2017)

Written by Hansi (Hans Thorvald Nygaard) GSM

Map
Ascents Akshaugen (1,164m) 20.07.2017 10:28
Tannvola Nord (1,037m) 20.07.2017 13:40
Tannvola (1,225m) 20.07.2017 14:24
Gråhøgda (1,436m) 20.07.2017 18:29

Akshaugen

På veg opp mot Akshaugen. Vi brukte omlag 40 minuttar opp
På veg opp mot Akshaugen. Vi brukte omlag 40 minuttar opp
På toppen
På toppen
Når vi vakna på torsdag var vi temmeleg slitne etter Sølenturen dagen før. Vi tok det difor nokså roleg denne dagen. Etter frukosten pakka vi samen leiren og køyrde innover mot Fiskevollen. Vi stoppa og parkerte ved Åkeråmyra, og gjekk på Akshaugen. Det var fint råk heile vegen opp. Det var strålande vêr, og veldig varmt, så vi satt lengje på toppen. Medan vi satt der fann vi ut at vi ynskja å bade, så vi gjekk ned at, og køyrde vidare til Fiskevollen. Der bada vi, og vi lå ein god stund i sola.

Tannvola

På Tannvola nord
På Tannvola nord
På Tannvola
På Tannvola

Frå Fiskevollen køyrde vi attende mot Bergset, men stoppa nord for Tannvola. Derifrå gjekk vi om Tannvola nord til Tannvola. På Tannvola hadde vi ein lang rast i den steikande varme sola.

Sølen fra Tannvola nord
Sølen fra Tannvola nord

Gråhøgda

På veg opp til Gråhøgda. Vi brukte omlag 40-50 minuttar opp.
På veg opp til Gråhøgda. Vi brukte omlag 40-50 minuttar opp.
Dagens siste tur gjekk til Gråhøgda. Frå Bergset køyrde vi til Unset og innover bomvegen til Spekedalssetra. Vi stoppa på parkeringslomma på Spekedalshøgda. Derifrå gjekk vi opp på Gråhøgda. Ein kort, men bratt og tung bakke. Vi hadde ein liten pause på toppen, men det var litt sur vind, så vi gjekk fort ned at. Etter turen satte vi opp teltet ved bilen, og lagde oss middag.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.