Ørsta fjellmaraton 2017 (24.06.2017)

Written by Johnrune (John-Rune Lillebø)

Map
Ascents Grøthornet (1,083m) 24.06.2017
Rambjørhornet (814m) 24.06.2017
Sandhornet (909m) 24.06.2017

Ørsta fjellmaraton har to distansar. Halvmaraton (ei runde á 21,1km og 1350 høgdemeter) og heilmaraton (to runder, totalt 42,2km og 2700 høgdemeter). I samarbeid med gode hjelparar vert det ein drikkestasjon ved Mosetra (halveis i runda), men ellers må deltakarane vere sjølvforsynte med mat og drikke undervegs. Ein finner fleire gode vasskjelder langs løypa.

Arrangøren vil stille med drikke og digg ved runding/mål (Cola, seigmenn, kjekks, vann, saft).

For dei som skal springe heilmaraton så anbefalar vi å ha ein sekk med mat og drikke ved start/mål/runding, slik dykk kan fylle opp sekken halvvegs, eventuelt bytte litt kle og sko. Når ein kjem til runding snur vi retning og spring runde to motsett vei. Dette gjer vi for at deltakarane skal møte på kvarandre og gjere løpet meir sosialt. Vi har helse og heieplikt når du møter andre deltakarar! �

Vi ynskjer å arrangere eit løp utan funksjonærar, sponsorar eller premiar. Tidtaking skjer ved at to stoppeklokker ligg ved start/runding/mål, og deltakarane skriver sjølve ned rundetid og sluttid. Ellers lagar vi eit Strava segment på runda slik at dette også kan brukast som tidtaking. Ingen funksjonærar er i aksjon på sjølve løpsdagen. Så dette fiksar vi sjølve!

Dette er Norges billigaste maraton! 100 kr for halv eller heil maraton, uansett alder. Vi har heller inga aldersgrense. Vi anbefaler deltakarar under 13 år og springe saman med ein voksen person.

Om løypa

Løypa går hovedsaklig på god sti og skogsvei. Vi merkar løypa i viktige kryss og parti der stien kan være utydelig. Løypekart med beskrivelse blir utdelt før start, og det vil også bli gitt ein muntleg gjennomgang før startskuddet går.

Start og mål er på gardstunet til Arve og Stine på Barstad i Ørsta kommune. Løpet startar på tunet og vi spring først opp skogsveien til Hellevegen, og følger denne flotte hellebelagde stien vidare oppover. Etter ei lita runde via utsiktpunkta på Brekkeheia (det er lov å nyte utsikta!), tar vi av ved Brekkesetra og fylgjer ein bratt sti opp til Kråkenakken (496moh). Frå Kråkenakken blir utsikta svært vakker! Omkransa av majestetiske tindar på alle kantar, og med flott utsyn over Ørsta sentrum og utover fjorden. Frå Kråkenakken snor stien seg raskt vidare mot Grøthornet (747moh). Her kan vinden ofte vere litt sur og kald, men utsikta over nesten heile Sunnmørsalpane tar den lille pusten du har igjen etter å ha slukt 750 høgdemeter. Vidare går stien litt nedover før den stig opp mot løypas høgaste punkt, Sandhornet (909m). Her er det lov å stoppe opp litt og hive etter pusten mens du nyter den fantastiske utsikta. Nærheita til Saudehornet, Kjerringa, Vassdalstinden og Kolåstinden er spektakulær!

Så ber det bratt utfor toppen av Sandhornet, før stien flatar ut og snor seg bortover høgfjellet, og til slutt knekk oppover mot rundas siste fjelltopp, Rambjørhornet (804m). Før ein kan snu tilbake og ned mot Fyldalsheida, må alle heilt opp og rundt varden på toppen. Vi kjem etter kvart inn på en svært god sti ned mot Mosetra (300m). Det flotte kulturlandskapet som omkransar setra, gjer at dei fleste ber ei lita bønn for at bøndene ikkje skal legge ned.

Frå Mosetra fylgjer vi først setrevegen 1 km slakt ned mot Ørsta, her er det fint å lange ut stega mens vi kikker opp på dei bratte fjellsidene som omkransar dalføret. Dei neste 4km følger vi først gamle setrevegen og så stien gjennom det populære turområdet Daleteigane.

Litt før vi kommer til bebyggelse tar vi inn på ein god sti opp mot Kanalveien (her merkar vi). Dette er ein turveg som fylgjer avskjæringskanalen over husa på Øvre Mo. Vegen endar brått og går over i ein sti gjennom tett granskog og små åpne lysninger. Ut av intet dukker skogsvegen opp igjen. Etter lett kupert terreng i ca 1,5 km, tar vi av til venstre og spring bratt oppover. Her stiger det ca. 160 høgdemeter før vi er oppe ved Barstadheia. Ikkje lenge etter at vegen flatar ut så ber det til skogs igjen, og bratt ned mot mål. Første del av stien gjeng gjennom open lauvskog, før den svingar til høgre inn i tett granskog. Stien er god, bratt og godt merka. Når vi kjem ut av granskogen kryssar vi ein skogsveg. Her er ei grind som du må husk å lukke slik at husdyra ikkje forsvinn. Deretter er det berre å spurte dei siste hundre meterane mot mål!

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.