Middagshaugen (12.07.2017)  3

Written by Hommpbollen (Tor)

Duration 3h 40min
Distance 6.8km
Vertical meters 845m
GPS
Ascents Middagshaugen (1,030m) 12.07.2017 11:26

Middagshaugen ja. Med unge i beremeis og vilter hund i band. Jaja.

Eg køyrde opp frå Fjærland mot Horpedalen, og sat bilen i vegkanten eit lite stykke forbi den siste garden. Derfrå gjekk eg over ei bru litt nedover i dalen og fann fort stien oppover mot Endrestølen. Herfrå gjekk det fin sti. Greitt, så langt.

Når eg kom til Endrestølen var det derimot stopp. Stien fortsette riktignok innover dalen, men det var lite spor å sjå i retning toppen til Middagshaugen. Så da måtte eg finne vegen sjølv.

Det var lettare sagt enn gjort. Den vegen eg valde var bratt, glatt, steinete og jævleg. Her gjaldt det først og fremst å halde seg på beina, og ta hunden i armane over verste steinane. Opp kom eg likevel, fram til varden på toppen. Da vart det 5 minutt pause i frykt for dritveret som så ut til å kome (men som likevel ikkje gjorde det).

Så var det ned att. Klok av skade gjekk eg no motsett veg og valde ei anna rute ned. Joda, same ulla her og - berre verre. Eg gjekk rett inn i ei sleip ur, med ormegras og bregner og skit og lort, og det var så vidt eg klarte å halde meg på beina. Faktisk, så gjorde eg ikkje det ved fleire anledningar. Det var ikkje populært, syntes minsta i meisen. Hunden var og livredd, og måtte berast store delar av nedfarten. Saftige gloser. God stemning.

I dalen traff eg på stien tilbake til Endrestølen som eg følgde heim.

Oppsummert er dette sikkert ein kul topptur på vintaren. På sommaren derimot, med unge i beremeis og hund på slep, er det fan ikkje mykje kult.

Bileta lyg. Smila er falske.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.