Vesle Jukleeggi (08.07.2017)

Written by Esone (Einar Moen) GSM

Characteristic Hillwalk
Duration 5h 15min
Distance 20.6km
Vertical meters 650m
Map
Ascents Vesle Jukleeggi (1,701m) 08.07.2017

Fin tur til Vesle Jukleeggi med Lærdal turlag. Sykla dei vel 6 km inn til dammen ved Store Juklevatn. Passerte vatnet nedanfor dammen, der det var ein grusveg. Ikkje full damhøgde i dag.

På turen fekk vi ei utruleg flott utsikt, særleg mot aust, då det låg att ein del tåke over Store Jukleeggi og Høgeloft på andre sida av vatnet. Då vi gikk opp, såg vi eit stort skar, med nesten lodrette fjellveggar. Nedi skaret var det ein pinakkel som minna om Trolltunga. Gjerne litt meir potent, men vanskeleg å komme til :) Fin-fin tur i for det meste skya vèr.

Peakbook-appen svikta igjen. Slo ikkje inn på punktet, sjølv om den hadde laga ruta på kartet heilt fram. Merkeleg. Kanskje telefonen min som er litt overfull. Dette vart likevel ein liten parantens, då det var ein kjekke tur, med trim, godt selskap og vakker natur.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.