Ulvestaddalen rundt (06.07.2017)  6

Written by myrlas (Lasse Myrhol)

Characteristic Hillwalk
Duration 6h 18min
Distance 12.8km
Vertical meters 1,588m
GPS
Ascents Kjerringa (930m) 06.07.2017
Litlehornet (965m) 06.07.2017
Sandfjellet (916m) 06.07.2017
Skåla (1,008m) 06.07.2017
Snøhornet (1,025m) 06.07.2017
Utsikt frå Sandfjellet i retning Rovdefjorden.
Utsikt frå Sandfjellet i retning Rovdefjorden.

Planen denne dagen var å kome seg opp på Velsvikskåla. I reseachen såg eg at nokon hadde tatt "runda" rundt Ulvestaddalen og dermed plukka fem toppar langs sin vei. Det hadde eg også lyst å gjere, så eg allierte meg med min kompis Kristian, og etter å ha solgt inn turen som "det teke vel ca 3-4 tima" so va vi klare etter å ha tatt 17:20 ferga frå Folkestad. Etter litt handling på nærbutikken så kom vi oss opp i dalen og til utgangspunktet for turen - Ulvestadsætra. Ein betalar 15kr i bompengar for å kome seg opp dit.

So far so good.

Vi hadde ein relativt kortfatta turrapport å gå etter, men tanken var å gå rett opp frå parkeringa til vi nådde ryggen vi kunne følge opp til første topp - Snøhornet. Det var også det vi gjorde. Der var mykje fluger på dette tidspunktet i fjor, og dei ekle krapyla kom kjapt på besøk også her.

Uten sti og med relativt tungt terreng (mjuk mose etc) så var dei første 3-400 høgdemeterane til ein nådde ryggen ingenting å skrive heim om. I det ein kom opp på ryggen endra turen karakter. Der vart det enkelt å gå, til tross for lite sti å snakke om.

Flugene forsvann også etter kvart, og ein fin bris gjorde det rett så triveleg å gå opp ryggen til toppen. Snøhornet byr på flott utsikt, og er eigentleg eit ganske massivt fjell, noko ein ser betre frå andre sida av dalen. Etter ei kort matpause fortsatte vi over ryggen på andre sida og opp på Litlehornet. Det var meir som ein formalitet å rekne, men også der var der flott utsikt inn mot Rovde-området med den flotte Skoratinden i all si prakt (den skal eg gå snart). Derfrå måtte vi ned nokre bratte høgdemeter før vi kunne ta til på oppstigninga til Kjerringa som er inst i dalen. Litt shoe-skiing på siste snøflekken gjorde turen ned heilt allright. Oppturen til Kjerringa var ikkje mykje å skrive om. Det var ei ordinær fjellside. Men frå toppen av Kjerringa endra turen karakter nok ein gong.

Derfrå og vidare bort mot Skåla-massivet må ein forsere ei egg som var veldig artig å gå.
Litt luftig, litt variert og til slutt måtte ein småklyve litt på nedstigninga før ein kunne ta til på turens siste del, opp mot Skåla.

Allereie på dette tidspunktet forstod vi at det å rekke siste ferga kunne by på problem, så vi stressa ikkje, og kosa oss heller på turen. Før skåla er ein innom fortoppen Sandfjellet, før vi til slutt nådde toppen av Skåla etter nesten 5 timar på tur. Då var klokka nesten elleve, og solnedgongen var litt over halv tolv, så det var kveldssola vi håpa på, og det var også den vi fekk. Dessverre forsvant den litt bak nokre lette skyer, men det gav eit nydeleg fargespel på himmelen.

Utsikta frå skåla er storslått, og ein ser langt i alle retningar. Nydelig utsikt mot Sande, Ulstein, Indre Herøy, Vartdalsfjorden, Ørsta, Volda, Vanylven etc etc.

Etter ein strabasiøs nedtur til sætra kunne vi sette oss slitne i bilen og ta fatt på turen heim,
som denne gongen dessverre gjekk via både Dalsfjorden og Austefjorden, i og for seg ikkje noko problem då det er fine fjordar, men etter midnatt, etter over seks timar på tur, hadde ei ferge til Volda vore å foretrekke.

Takk for turen.

Start date 06.07.2017 18:12
(UTC+01:00 DST)
End date 07.07.2017 00:30
(UTC+01:00 DST)
Total Time 6h 18min
Moving Time 5h 22min
Stopped Time 0h 55min
Overall Average 2.0km/h
Moving Average 2.4km/h
Distance 12.8km
Vertical meters 1,588m

User comments

  • -
    avatar

    Go'tur!

    Written by Freeflex 07.07.2017 20:53

    Tippar du ikkje angra på at du utvida runda litt. Viktig med god research ;)

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.