Storfjellet, Røst (28.06.2017)

Written by Elementmannen

Characteristic Hike
Duration 1h 21min
Distance 2.3km
Vertical meters 411m
GPS
Ascents Storfjellet Røst (259m) 28.06.2017 15:51

Etter å ha lest andres "ekspedisjonar" til Storfjellet var ambisjonane ein rolig sjark med ein kaptein full av røvarhistorier på ein solskinnsdag. Det fann vi med Finn og den raude og kvite skuta hans. Prisen var gått opp til 600,- og saman med 3 fugletittarar(Jeff frå UK + par frå Sørlandet) satt vi turen sørover.
Ein nydelig dag med stille vatn og topp utsikt. M var halvsjuk, men var mykje andre ting å fokusere på: Hole i Stornykken med historietime frå Finn, masse skarv, lomvi, alke og Ørn og fager natur. Eg andre på val av linse, no skulle safarilinsa vore med i sekken...
Finn slapp oss av ved Austdalsbukta, planen var å lage rundttur, men vi fekk anbefaling om dalen vest for Austdalen så valte å følgje instruksane. Gjekk på eit ihelspist lam (ørn) i den bratte grasskråninga mot toppen. Ulend og eit amorøst par som brått dukka opp i helane på oss, men fokuset var åkke som på all lundefuglen som leika seg med "vingedrakt" rundt ørane på oss. Fantastisk artig.
Etter litt pust og pes kom vi opp til utsøkt utsikt 360 der vi såg til sjarken ved Skomvær fyr i sør og Værøy, Mosken og Lofoten i nord. Mogleg vi såg konturane av Lovund også. Fastland var i disen. Vi tok litt tid her og såg på skaparverket før turen gjekk ned att mellom ørn, lundefugl og krykkje i baksande sampspell. Ørnen tar mykje for seg her... var sikkert 8-10 stk.
Finn kom inn og fortalt om rare fulgar og ein arktisk sel dukka opp på veg attende før vi ein del timar seinare var att på sjølve Røst. Ein meget flott og anbefalt tur. Rib er oppskryt ;)

Tips! Er overnattingsmoglegheit i ein gapahuk på Røst ved gravplassen, eg skal forsøkje å legge den inn som PBE.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.