Nordlandsnupen, Værøy (26.06.2017)

Written by Elementmannen

Characteristic Hillwalk
Duration 2h 25min
Distance 6.9km
Vertical meters 559m
GPS
Ascents Nordlandsnupen (450m) 26.06.2017 12:31

Me kom frå bryllaup på magiske Kjerringøy med ferga 1645 frå Bodø via Røst til Kjerringøy. Var litt forsinka grunna festival på Røst, men det gjer ingen ting om sommaren i nord. Vind derimot gjorde teltlivet tøft. Vi fekk skyss nær der 500fjell hadde satt opp sitt telt og tenkte gje plassen ein sjangse. Det blåste frå alle retningar då vinden slo i fjella her oppe (og overalt på Værøy), men
vi la "stein på stein" og vona det skulle halde.
Det gjorde det 1. natt og me tusla av garde til Breivika med flott sandstrand rundt tærne. Fint her nede tross vinden, men rundt Nordlandsnupen var det grått og tung utan sikt. Me gjekk opp i skaret frå bua der stien (det skal vere to) startar og kom greitt opp og vidare langs eggen der vi vart omhylla i tåke. På punkt 432 vart me litt lurt og trudde det var toppen sjølv om stien var merka ned i skaret. Me såg intet, men fulgte rundt, opp kjetting og tau og runda opp til toppen.
Tok bilete og gliste litt, men skulle gjerne vore her i godver. Akk, ja, det heite ikkje Værøy for ingenting ;)
Tutle etter kvert ned att blant fagre kaffiblomar, marikåpe og anna knask før teltlivet starta att. Det var no meir vind og etter eit besøk på caféen og middag på Værøy brygge kom me attende til forlist telt og noko som kjende som orkan i kasta. For å ikkje verte singel att i ein fei var det berre å pakke ned teltet, ta på seg spanderbuksene og rusle bort att til Værøy Brygge og få seg eit rom. Eg skal innrømme det var ingen dum idé slik øya gav av seg sjølve denne natta...

Nesten dag var det mot Røst og finaveret med tørrfisk og dusj i kroppen.

Tips! Det er også ein gapahuk på Værøy for den som treng. Me viste ikkje om den før me fann to forkomne tyske jenter på veg vekk frå vindfesten.

Dagens dyr: Var ingen som vågde seg ute denne dagen...

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.