Rauma: Døntfjellet, Sæterhøa og Dønttinden (30.04.2017)

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Start point Slettali (255m)
Endpoint Slettali (255m)
Characteristic Backcountry skiing
Duration 9h 18min
Distance 35.3km
Vertical meters 2,324m
GPS
Ascents Døntfjellet (1,191m) 30.04.2017
Dønttinden (1,676m) 30.04.2017
Sæterhøa (1,486m) 30.04.2017
Ein gammal vridd kjempe.
Ein gammal vridd kjempe.

Møre og Romsdal pf 100 1023/1156

Vakna på Slettali P-plass til skydekke og litt vind i buskene. 2 dryge turar merkast i ein gammal skrott, og ungdomen Torleiv måtte kjefte litt på meg for å få meg i gang. Starta kl 0900 og gjekk til undergangen. Der møtte vi eit par som skulle til Dønttinden. Dama var søstra til ho vi møtte dagen før. Rett så livlege og trivelege folk. Etter eit par hundre meter var plutseleg skydekket vekk og vi fekk ein kanondag. Skilde lag før sætrane og vi gjekk ryggen i retning Sæterhøa. No var det ikkje så vel at vi berre skulle gå dit nei. Måtte nedom Døntfjellet, noget meiningslaust anna enn for samlarar. Den tørre snøen i nordhellingane gjorde at fellene klabba som besett. Frå Sæterhøa såg vi no folk på vei mot Dønttinden. Glei ned til vatnet og kunne trakke i trikkeskinner opp til den flotte toppen. 5 stk var før oss, alle i gruppa rundt 60+. Mykje trivelege folk. Dei 2 spreke søstrene frå Verma, og eit par trivelege karar i tidleg pensjonsalder frå Molde. Heldigvis pressa Torleiv på kjapp retur. Frå vatnet holdt vi høgda så godt vi kunne nedover heile dalen. Vi glei heile dalen ut. Nedover veisystema var vi akkurat tidsnok ute til å unngå den forferdelege skaren frå dagen før. Ein veldig flott tur på ein flott dag.

Dagens særaste. Døntfjellet 1191. Ikkje heilt naturleg å ta denne.
Dagens særaste. Døntfjellet 1191. Ikkje heilt naturleg å ta denne.
Torleiv på Døntfjellet
Torleiv på Døntfjellet
Frå Sæterhøa mot Dønttinden
Frå Sæterhøa mot Dønttinden
Dønttinden
Dønttinden

User comments

  • -
    avatar

    Jasså!

    Written by Garm 02.05.2017 21:06

    Jasså, så du har vært attåt med min kjære?

    Reknar med det var difor du forsøkte å ringe sundagen, for å informere mens du var mitt i akta? :)

    • -
      avatar

      Sv: Jasså!

      Written by boven 02.05.2017 22:52

      Du var omtala ja. Ringde mest for å høyre om skiføret inn frå Billingen. Ser de har hatt ei kjempehelg.

      • +
        avatar

        Sv: Sv: Jasså!

        Written by Garm 03.05.2017 06:35
Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.