Midthaugen, Nesseby (29.04.2017)

Written by Elementmannen

Characteristic Backcountry skiing
Duration 6h 10min
Distance 31.1km
Vertical meters 703m
GPS
Ascents Midthaugen (520m) 29.04.2017 15:08
Visits of other PBEs Basávzi vannverket parkering (60m) 29.04.2017 11:31

Takka god omtale frå fleire fann eg nok info til å ta denne turen då Gamvik sin 5 mils - rysar var litt meir enn eg var klar for i dag. Køyre frå Tana Bru og brukte app'en til Peakbook til å finne den snødekka grusvegen der turen starta. Fann parkering i ei lita lomme ved eit gult hus 100 meter lenger nordaust.
Kjapt etter start kom 2 ørnar flagrande rett over hovudet og vurderte det potensielle bytte. Dei vurderte at eg ikkje var feit nok så vi slapp eit basketak... Fulgte eit skuterspor litt inn, la på langfeller rett opp i høgda og kleisa på kortfeller for reisa bortover. Smørning hadde nok definitivt vore best her fartsmessig, men oss vestlendingar er glad i desse selskinna under beina med robust balanse og alltid feste.
Tok eint halv time pause i eit bratt bekkeskar og eit par km før punktet såg eg ei hytte som var ukjent i følgje kartet. Dei siste km var lange og kvite, men gjekk mot varden med horn på og kom fram etter ca. 3t 35min. Såg kjapt at dette ikkje var høgste punkt så vandra nordaust og litt rundt til punktet merka på PB. Stemte bra med mine verktøy så godkjente det.
Så den lange turen attende, no utan feller. Mykje fortare tross litt miksa snøhøve. Var masse spor av fugl og pelsdyr, men berre nokre ryper viste seg. Ingen skutertrafikk hverken på Rasttigaisa i går eller i dag var dog veldig positivt.
Litt fesen mann på slutten så passa på nok væske spesielt før nedkøyringa i råten påskesnø som endeleg var komen til Finnmark. Det vart ikkje vakkert, men ingen i turfølgje (meg) hadde venta det. Påskesnø og bjørkeskog med fjellski vert sjeldan vakkert. Men fann tåleg bra plass å køyre ned, trur ikkje det er noko betre å oppdrive.
Ved nedkomst hadde vi bikke 6t 12min totalt, så då vart det å peise på med cola og smågodt og sette kursen mot Båtsfjord der Tørrfæsk og ein brun venta.

Dagend dyr: Ørn og rype og spor etter mykje løye.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.