"Du veit me likte fjellet og det frie utsynet" (14.04.2017)

Written by Eikås (Janne Eikås) GSM

Start point Turtagrø (888m)
Endpoint Turtagrø (888m)
Characteristic Randonnée/Telemark
Duration 6h 43min
Distance 12.5km
Vertical meters 1,341m
GPS
Ascents Store Dyrhaugstinden (2,147m) 14.04.2017

Hallvard Horpen 95 år. Fjellmann og jeger - Eit intervju 1988-89 av Peder Kjærvik som står å lese i boka Lustrafjell - om fjell og fjellfolk i Luster. Luster Turlag 1994
"Gjennom Hallvard sine kvasse og klåre auge, sterke røyst og underfundige språk, vert ein trollbunden lydar ført attende til ein annan kvardag. Ein kvardag då jakt og friluftsliv ikkje fyrst og fremst var rekreasjon, men naudsynt slit for føda. Men, seier Hallvard, du veit me likte fjellet og det frie utsynet. Det var ikkje berre slit og strev, sjølv om me laut ta tunge tak av og til. Når du var komen heim og fått mat, so sov du søkkjande godt. Ingen har ilt av å komme ut av dørane og lee seg lite grann. Det er medisin, det!"

"Du veit me likte fjellet og det frie utsynet" Hallvard Horpen
"Du veit me likte fjellet og det frie utsynet" Hallvard Horpen

Eg vakna kl 07.00 inne ved Marifjøra ved Molden Langfredag i påska til ein tindrande blå himmel og fuglekvitter! Tanken slo ganske så raskt, her er det berre eit å gjere det er å komme seg inn og opp på tindane umiddelbart, og berre nyte alt det ein makter!

Ifrå Dyrhaugsryggen mot Fannaråken og Steindalsnosi
Ifrå Dyrhaugsryggen mot Fannaråken og Steindalsnosi

Eg visste at Svein med familie var inne på hytta si ved Turtagrø. Sende avgårde ei melding for å høyre kva toppar som var aktuelle for dagen. Samme topp hadde vi tydeligvis i tankane :) Traff på Arv Uglum i første bakken og fekk triveleg følge oppover! Kor han har ordforåd oppkommet sitt ifrå, må gudane vite! :) På platå toppen var det sikkert 60 stk. som var komt opp allerede på føremiddag. Stort sett suser ein i fjella for seg sjølv og oftast åleine i stilla. Så triveleg med ein dag med mykje god prat og ekstra mange smilande folk på tur. Skikkelig hærleg påskestemning inne i Jotunheimens stortoppar!

Ifrå Store Dyrhaugstinden 2147 moh mot eventyrlige Store Ringstinden 2124 m og Austanbotntinden 2204 m
Ifrå Store Dyrhaugstinden 2147 moh mot eventyrlige Store Ringstinden 2124 m og Austanbotntinden 2204 m

Svein, Marit,Torfinn og eg tok på stegjerna og russla vidare bort på Store Dyrhaugstinden. Gode forhold var det og total blikkstille på toppen! Sånne øyeblikk i ei så nydeleg fjellverden, i vinterdrakt som dette er magisk og nesten ubeskrivelig! Ein skulle hatt teltet på toppen, nyte solnedgangen og stjernehimmelen...

Nydelig i vinterdrakt er Store Dyrhaugstinden 2147 m
Nydelig i vinterdrakt er Store Dyrhaugstinden 2147 m
Ifrå Store Dyrhaugstinden 2147 m mot Midtmaradalstindane
Ifrå Store Dyrhaugstinden 2147 m mot Midtmaradalstindane

To signatur i renna ifrå V-skaret, nord for Skagastølstinden

Ein fint turfellesskap ilag med gode sunnfjordingar på tur opp Dyrhaugsryggen
Ein fint turfellesskap ilag med gode sunnfjordingar på tur opp Dyrhaugsryggen
Martin ein vaksen kar....han gode og fine sette pris på kvila :) Det er slitsomt å ville være førstemann til ein kvar tid, med så mange mennesker!!
Martin ein vaksen kar....han gode og fine sette pris på kvila :) Det er slitsomt å ville være førstemann til ein kvar tid, med så mange mennesker!!
Trivelig på toppen ilag med Arve U. og co Det er berre å nyte det fantastiske været med solvarme og blikkstille! Ein kan nesten ikkje få det betre :)
Trivelig på toppen ilag med Arve U. og co Det er berre å nyte det fantastiske været med solvarme og blikkstille! Ein kan nesten ikkje få det betre :)
Mot Store Dyrhaugstinden 2147 m
Mot Store Dyrhaugstinden 2147 m
Ifrå Store Dyrhaugstinden mot Stølsmaradalsbreen, Austre, Midtre Ringstind og Stølsmaradalstinden
Ifrå Store Dyrhaugstinden mot Stølsmaradalsbreen, Austre, Midtre Ringstind og Stølsmaradalstinden
Marit Årdalsbakke er virkelig den fødte tindebestiger, sin første tur med stegjern og ho storkosa seg kvart eit sekund. Men så er ho då også ei tøff jente med eit EM gull i vektløfting for damer :)
Marit Årdalsbakke er virkelig den fødte tindebestiger, sin første tur med stegjern og ho storkosa seg kvart eit sekund. Men så er ho då også ei tøff jente med eit EM gull i vektløfting for damer :)

Ein godt utnytta kosedag på tindane, etterfølgt av ein triveleg kveld med ekstra god mat og drikke i godt selskap :)

Gjekk tom for batteri, så gps sporet er litt forkorta på nedtur!! Ein anna ting, er at eg aldri har sett så tettpakka med skispor og folk som på denne dagen i dette fjellområdet før. Mykje god helse i dette :) Men dagen etterpå var det ganske så stille på toppane! Eit forbedringspotensial til neste år :) :)

User comments

  • -
    avatar

    Inspirerende beskrivelse

    Written by jensbar 12.01.2019 21:44

    Så artig å komme over denne inspirerende beskrivelsen, Janne.

    Dette er en tur jeg har på ønskelista mi. Plutselig er jeg på vei - håper jeg. Fine bilder! :-)

    • -
      avatar

      Sv: Inspirerende beskrivelse

      Written by Eikås 13.01.2019 11:48

      Ja, du har jammen noko å glede deg til her Jens :) Denne toppen ligg så midt i smørauget av alle dei andre store gromtoppane! Du må gi ein lyd når du tenker deg avgårde... Det er topper som går fint å besøke mange ganger :) Håper på at det blir flotte skiforhold no framover! Det er komt litt meir snø i Sunnfjordfjella her no. Det lover bra i nokre dager! :)

  • -
    avatar

    Fantastisk flotte bilder ....

    Written by knutsverre 20.04.2017 12:42

    og en poetisk turbeskrivelse, Janne! Dette må virkelig ha vært en drømmedag i Hurrungane!

    • -
      avatar

      Sv: Fantastisk flotte bilder .

      Written by Eikås 22.04.2017 18:24

      Tusen takk for det Knut :) Fotograferinga er halve turen :)Eg har nok djup respekt for dei som levde det livet som dei gjorde før i tida og dreiv det friluftslivet utifrå dei forutsetninga dei hadde då! Tenker på kor mykje fritid og penger me har no til å kjøpe oss til alt av friluftliv vi vil idag. Desto viktigare er det å legge merke til og være til stades i dei små enkle øyeblikka i kvardagen. Eg såg du hadde ein like flott langfredag ved Myrdal :) Det såg ut til å være eit flott vinterområde også, har kun sykkla Rallarvegen der ilag med datter. Det fristar jammen med skiturar i området :)

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.